Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Radøy er årets nynorskkommune!

 (03.12.2014)

– Eg vil gratulere Radøy kommune med prisen Årets nynorskkommune 2014, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Kommunen har utmerka seg med sitt breie arbeid for å vedlikehalde og styrke nynorsken.

Departementet mottok i år fem gode søknadar, og juryen var samstemte om kven som hadde den aller beste søknaden. Radøy kommune i Hordaland samarbeider med lag, organisasjonar og lokalt næringsliv for å løfte fram nynorsken, i tillegg til aktiv språkrettleiing av dei tilsette i kommunen.

– Det er viktig å jobbe vidare for å styrke og oppretthalde nynorskbruken. Dette blir mellom anna gjort ved at det offentlege brukar nynorsk aktivt i tenestene sine, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Juryen seier i si grunngjeving at det er positivt og nytenkjande at Radøy har tilsett ein ungdomskoordinator, som jobbar tett med ungdommane i kommunen. Ungdomskoordinatoren skal berre bruke nynorsk i all marknadsføring og informasjon mot dei unge. Kommunen har motteke tilbakemeldingar på at dette har gjeve fleire ungdommar eit meir positivt syn på nynorsk

Juryen har òg lagt vekt på at Radøy er ein nynorskkommune under press med mange tilflyttarar med bokmål som målform.

Prisen til årets nynorskkommune er på 100 000 kroner og eit kunstverk. Tidlegare vinnarkommunar av prisen er Stord (2009), Seljord (2010), Fjell (2011), Sogn og Fjordane fylkeskommune (2012) og Ørsta (2013).

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no