Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bok- og strikkekveld på Sandane

 (04.12.2014)

For eitt år sidan meinte Magni Hjertenes Flyum at no var det på tide å få ei islandsk strikkebok på norsk. Og jammen har ho gjort noko med det. 

Ho har omsett ei strikkebok frå islandsk til nynorsk og den heiter Islandsk strikk og er gjeve ut av Det Norske Samlaget. I haust vart boka lansert og den rauk rett inn på bestseljarlistene. No kjem ho til Sandane på Bok- og strikkekveld.

Tysdag 9. desember klokka 19.30 på Gloppetun går Gloppen bygdekvinnelag og Gloppen Mållag for fyrste gong saman om å invitere til Bok- og strikkekveld.

Då vil Magni Hjertenes Flyum som sjølv er ivrig til å stikke fortelje om boka.

– Eg gler meg til å kome på stikkemøte på Sandane, seier Magni Hjertenes Flyum, bur på Eid, og har strikking som ei veldig viktig fritidsinteresse. Ho seier sjølv at ho ikkje kan islandsk, men kanskje noko ein kan kalle ”strikkeislandsk”.

– Det er klart dette blir spennande å høyre meir om, seier Olin Austrheim i Gloppen Mållag. Magni Hjertenes Flyum tek med både garn og bøker for sal. 

Den nynorske bokhausten
Det blir også presentasjon av fleire gode aktuelle nynorske bøker, både for barn, unge og vaksne.

– Eit godt høve til å finne fram til gode julegåvetips. Den nynorske bokhausten er mangfaldig, og det er kjekt å få framlegg til bøker, både til å lese sjølve og til å gje i gåve, seier Olin Austrheim i Gloppen Mållag.

Tradisjonsrikt førjulsmøte

Gloppen bygdekvinnelag har lang tradisjon for julemøte, og på dette møtet er det  tradisjon for åresal og utlodding. Det blir det i år òg. Dessutan skal vi ha god tid til å snakke saman og ete kvelds i lag. Vi gjer det slik at alle som har høve til det, tek med seg eit pålegg. Så stiller arrangørnemnda med brød og drikk. Mot slutten av møtet vert det også, slik det er tradisjon for: ord til ettertanke. Denne kvelden er det Sverre Folkestad som har sagt ja til å seie nokre ord til oss på veg ut i desemberkvelden.

– Vi vonar at både medlemer og ikkje-medlemer i Mållaget og Bygdekvinnelaget tek turen denne kvelden, seier Olin Austrheim. 

Les meir på Facebook!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no