Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. JANUAR 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsksiger i Kvinesdal

 (12.12.2014)

Borna på Kvinlog skule skal framleis ha nynorsk som opplæringsspråk. I Kvinlog skulekrins i Kvinesdal vart det solid fleirtal for nynorsk i folkerøystinga om opplæringsspråk. I går røysta 67,8% for nynorsk og 32,2% for bokmål. 

I går var det folkerøysting om opplæringsspråket på Kvinlog skule. Dette er siste skulekrinsen i Kvinesdal kommune med nynorsk som opplæringsspråk. I 2007 var det folkerøysting sist, og då hadde nynorsken støtte frå 73,7% av dei frammøtte og bokmål fekk 26,2% av røystene. 

I følgje manntalet var det i alt 442 personar som hadde røysterett. Av desse var det 245 som røysta, om lag 55,4%. Av desse var det 32 førehandsrøyster. Avgjevne røyster for nynorsk: 166, 67,8 %. Avgjevne for bokmål: 79, 32,2%

Biletet er ifrå då Nynorskstafetten vitja Kvinlog skule i oktober 2013.

Vi ynskjer heile Kvinlog skulekrins ei fredleg og god jul! 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no