Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Deler ut 2500 bøker til skulane

 (17.12.2014)

FIN FØRJULSGÅVE: Selja Forlag og Mållag i Sogn og Fjordane deler ut klassesett av bøkene i serien «Odins smykke». Forleggjar Torkjell Djupedal og leiar i Førde Mållag Norunn Ulvedal har fått god respons.

- Målet er å få ungdommane til å lese gode bøker på nynorsk, seier leiar i Førde Mållag, Norunn Ulvedal.  Mållag i Sogn og Fjordane og Selja Forlag har gått saman om å dele ut klassesett med spenningsromanar til skular i fylket.

Det er Bjarte Sindre frå Florø som har skrive dei fire bøkene i serien «Odins smykke». Handlinga i bøkene er lagt til vikingtida. Hovudpersonen Asgeir Åsason er etterkommar av guden Odin og har magiske krefter.

- Det er ein serie spennande bøker som har fått mykje positive tilbakemeldingar og som lærarane er begeistra for. Vi har levert ut klassesett til skular over heile fylket. Dei synest det er fantastisk å få bøkene gratis og vil bruke dei i undervisninga, seier forleggjar Torkjell Djupedal i Selja Forlag.

Forfattar Bjarte Sindre reiser i tillegg rundt til dei skulane som ynskjer det og fortel om bøkene og vikingtida.   

- Vi synest dette er eit kjempefint tiltak. Vi er opptekne av at ungdommane ikkje skal gløyme å lese, at dei skal få leselyst. Serien «Odins smykke» er både lokalhistorisk og godt skriven. Så her er det ein sjanse til å lære litt historie frå vårt eige fylke, seier Norunn Ulvedal.

Førde Mållag fekk tilbod om bøkene, og kontakta både andre lokallag og fylkeslaget i Noregs Mållag for å få distribuert bøkene i fylket. Serien passar både for elevar i ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen.

- Vi har framleis ein del bøker igjen, så om fleire skular er interesserte er det berre å ta kontakt, avsluttar Ulvedal.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no