Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Regjeringa.no har blitt til regjeringen.no

 (19.12.2014)

Regjeringa har fått seg nye nettsider. Der ein tidlegare lett kunne finne synleg nynorsk, er denne no forsvunnen.

Før kunne ein vitje nettstaden regjeringa.no, no blir ein automatisk sendt vidare til regjeringen.no. Tidlegare kunne ein velje å lese sidene på nynorsk, no kan ein berre velje mellom norsk, samisk og engelsk. I praksis vil det å velje norsk seie å velje bokmål. 

– Oppussinga av nettsidene vart gjort så grundig at ein pussa vekk nynorsken i same slengen.  Det er ein språkleg arroganse som ikkje er ei regjering for eit tospråkleg land verdig, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.

– Regjeringa tok styringa for eit Noreg med to jamstelte språk og kom ut som ei bokmålsregjering. Sjølv skriv dei på sidene sine at dei i staden for å ha ein eigen nynorsk versjon av nettsida, skal dei no veksle mellom bokmål og nynorsk på nettsida. Det er ikkje Noregs Mållag motstandar av, men då må nettsidene samstundes framstå som tospråklege, og nynorsknamnet må vere godt synleg. Det er det ikkje no, seier Tennø.

Ho reknar med at dette blir ordna opp i så snart det lèt seg gjere.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no