Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bø kommune og LNK

 (08.01.2015)

Det å kasta inn framlegg til nye utgiftspostar i kommunebudsjettet er vel ikkje det mest populære ein kan driva med for tida, men eg gjer det likevel: Bø kommune bør straks melda seg inn i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

I 2010 melde Bø seg ut av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Grunngjevinga var økonomisk. Dei tusenlappane ein brukte i medlemspengar vart ein liten og enkel salderingspost. LNK har også hatt ein million i statsstøtte. I årets framlegg til statsbudsjett var heile posten stroken. Ein del av grunngjevinga er grei å forstå: dersom ikkje nynorskkommunane sjølv synst organisasjonen er viktig nok til å fi nansiera han, kvifor skal då staten gjera det? Det er eit godt spørsmål. 

I komiteforhandlingane om statsbudsjettet har posten kome inn att i budsjettet. Stortingsrepresentantane, både frå regjeringspartia og støttepartia, har forstått kva pengane vert brukte til: I tillegg til å tilby kurs for kommunar og dilikt driv LNK viktige tenester retta mot nynorskskrivande born og unge. Pirion, kulturavis for barnehagetilsette er subsidiert av LNK. Magasinett, eit nettmagasin for unge det same. Ikkje minst var organisasjonen var med på å starta og er med på å fi nansiera Framtida. no. Framtida.no er ei nettavis for ungdom, redigert på nynorsk. Avisa vart starta opp i 2010 og med berre få årsverk produserer dei god journalistikk og har imponerande lesartal. 

Denne typen tenester retta mot born og unge er særs viktige i eit mediesamfunn der det meste er redigert på bokmål. Det gjev ungdom høve til å lesa sitt eige språk. 
Det er viktig for meistring og sjølvkjensle, og for at nynorsken går vidare til nye generasjonar. 

Komiteen vektlegg særleg dei utfordringane mange nynorskkommunar står ovanfor i møte med den komande kommunereforma. Dette som stortingspolitikarane no har forstått håpar eg òg at kommunepolitikarane i Bø vil få augene opp for. Det handlar om at Bø kommune må prioritera 12.000 kroner til medlemspengar i LNK. 

Der kan ein dra nytte av tilboda som finst, men viktigare, ein er med på å stø opp om vilkåra for nynorskskrivande ungdom i Bø, i Telemark og i landet elles.

Sigbjørn Hjelmbrekke, leiar i Telemark Mållag og nestleiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no