Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny start for Balestrand Mållag

 (12.01.2015)

Torsdag 22. januar vert det invitert til oppattskipingsmøte i Vetlesalen i Balestrand Bygdahus i Balestrand i Sogn og Fjordane. Då er målet å skipe oppatt Balestrand Mållag som ikkje har vore eit aktivt lag på lang tid. 

– Etter måten er det mange medlemer i Balestrand. Heile 30 medlemer og me trur det kan vere mogleg å få til eit aktivt lokallag igjen, seier Ingvar Åberge, ein initiativtakarane bak invitasjonen til oppstartsmøtet. 

– Nynorsken har ein sjølvsagd plass i lokalsamfunnet, men for å sikre denne plassen er det viktig å drive eit godt og medvite arbeid for nynorsken.  Det er mange saker å ta tak i for eit Balestrand Mållag. Eit viktig spørsmål er om det er mogleg å ta opp att arbeidet med å gje ut det tradisjonsrike bladet Gulleplet, seier Ingvar Åberge. 

Det går ut ein open invitasjon til oppattskipingsmøte i Balestrand Mållag torsdag 22. januar klokka 18.30 i Vetlesalen i Balestrand bygdahus.

– Me har på førehand vore i kontakt med fleire medlemer og andre, og me veit det er interesse for å få til eit lag. Så me vonar me får det til, seier Atle Johannes Dale, som er tidlegare aktiv i Balestrand Mållag. 

På møtet kjem òg Hege Lothe, som har kontor i Gloppen og arbeider som informasjons- og organisasjonskonsulent i Noregs Mållag. Ho vil mellom anna snakke om kva utfordringar nynorsken møter i dag.

Ta gjerne kontakt med Ingvar Åberge om det er noko du vil spørje om på førehand. Kanskje du har nokre gode råd på vegen. Telefonnummer er 576 91 373 og e-post er ingvar.aberge@gmail.com

Ein treng ikkje å vere medlem i Mållaget for å kome på møtet. Medlemsskap kan me alltids ordne etterkvart.

Det vert enkel, men god servering!

Alle er velkomne!

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no