Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

«Vaffelhjarte» til alle

 (16.01.2015)

I januar starta den fylkesdekkande turneen i Sogn og Fjordane med teaterstykket «Vaffelhjarte». Den kulturelle skulesekken (DKS) i Sogn og Fjordane sender i samarbeid med Sogn og Fjordane teater teaterstykket «Vaffelhjarte» ut på turné for alle elevar i barneskulen i fylket. Dette er ei storsatsing, og den mest omfattande turneen nokon gong i DKS i Sogn og Fjordane.

Hovudpersonane i «Vaffelhjarte», Trille og Lena, er kjende og kjære for mange gjennom boka til Maria Parr og NRK Super sin barne TV-serie. No har Sogn og Fjordane teater og Den Nationale Scene i Bergen saman laga teater av historia om dei to niåringane frå den vesle bygda Knert-Mathilde. 

BarneTV-serien har blitt sendt på NRK Super i fleire omgangar, og boka er seld til 24 land og er omsett til 21 språk. Den store internasjonale interessa for bøkene gjer at Parr no er blant dei mest omsette norske barnebokforfattarane dei siste åra. Berre Jo Nesbø og Doktor Proktor-bøkene hans er meir populære. No vert boka altså også teaterstykke og skal visast for alle elevar på barneskulen i heile Sogn og Fjordane denne våren. «Vaffelhjarte» hadde urpremiere på Den Nationale Scene 10. oktober 2014. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no