Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Seier nei til endring i privatskulelova

 (20.01.2015)

HØYRINGSFRÅSEGN FRÅ NOREGS MÅLLAG OM ENDRINGAR I PRIVATSKULELOVA

Kunnskapsdepartementet vil endra dagens privatskulelov og innføra ei elevtalsgrense på 30 elevar. Om skulen får mindre enn 30 elevar tre år på rad, må privatskulen leggja ned drifta. I dag er grensa 15 elevar.

Noregs Mållag vil rå frå ei slik endring:

  1. Gode privatskular med nynorsk opplæringsmål kan bli lagde ned, og elevane flytta over til større bokmålsskular der tilhøva for å vera nynorskelev vert vanskelegare.
  2. Ei slik elevtalsgrense vil påverka synet til både styresmakter og kommunar om storleiken på dei offentlege skulane. Ho kan bli brukt som argument for å leggja ned dei minste skulane som mange stader er skular med nynorsk opplæringsmål.
  3. Høvet til å etablera privatskular etter skulenedlegging har til no til ein viss grad bremsa skulenedlegginga i distrikta. Med ei slik grense kan det auka farten i sentraliseringa av skulestrukturen som i mange tilfelle vil råka dei små og utsette nynorskkrinsane.

Grunngjeving:

Mange av dei minste skulane rundt om i Noreg er nynorskskular, både private og offentlege.

Noregs Mållag ser at i mange kommunar i randsonene for nynorsken er det skulenedlegging og sentralisering som er det største trugsmålet mot nynorskopplæringa. Somme stader er det etter skulenedlegging ein privatskule som har redda nynorskopplæringa i kommunen. Nokre av desse skulane er no truga om den nye elevtalsgrensa vert vedteken. Vert desse nedlagde, vil elevane bli flytta til større skular med bokmål som opplæringsmål, der tilhøva for å vera nynorskelev vert vanskelegare.

Noregs Mållag fryktar vidare at ei ny elevtalsgrense vil påverka synet til styresmakter og kommunar om storleiken på dei offentlege skulane. Høvet til å etablera ein privatskule dersom kommunen legg ned den offentlege skulen på staden, har vore eit høve til å oppretthalda fleire små skular med nynorsk som opplæringsmål. Anten gjennom å halda kommunen frå å leggja ned skulen eller gjennom å oppretta ein privatskule. Dette har til no lagt ein dempar på sentraliseringsiveren i kommunane.

Med ei slik ny elevtalsgrense fryktar Noregs Mållag fleire nedleggingar av dei minste skulane. Mange stader er det nett dei minste skulane som har nynorsk opplæringsmål. Praksisen der ein legg ned små skulekrinsar og slår dei saman med større skulekrinsar med ulikt opplæringsmål, er at skulemålet skal opp til røysting på ny. Sjølv om utfallet av røystingane i praksis er heilt ope, ser me at små nynorskkrinsar som vert slegne saman med større bokmålskrinsar, vanskeleg vinn desse røystingane, og at opplæringsmålet i dei nye krinsane vert bokmål, sjølv om mindretalet for nynorsk kan vera ganske stort. 

Å gå på skule i nærmiljøet og bygda der det lokale skriftspråket er nynorsk, er viktig for å gje elevane ein trygg og skjerma start som nynorskbrukarar. Det kan òg ha positive verknader for å oppretthalda det lokale talemålet. 

Dei faglege grunngjevingane for å heva grensa til 30 elevar er svake. Ein forskingsrapport frå Senter for økonomisk forsking ved NTNU (Bonesrønning og Vaag Iversen 05/08) finn ein tendens til at elevar på små skular tvert om får marginalt betre resultat enn på dei større skulane, etter å ha korrigert for foreldra sitt utdanningsnivå. Spørsmålet om store skular versus små skular er mange stader ein stor debatt og har vore det i skulefaglege miljø i mange år. Likevel er det vanskeleg å finna forsking som slår fast at store skular er betre enn små. Michael Davidson, OECD-analytikar, skriv i Pisa-kartlegginga i 2009 at det i dei nordiske landa er svært liten skilnad i læringsresultata mellom dei ulike skulane, store og små, by og land.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no