Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 27. APRIL 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sunnmørsseminar i Herøy

 (20.01.2015)

– Me ynskjer å kombinere årsmøtet med eit seminar der hovudemnet er verknaden kommunereforma kan ha på statusen for nynorsken, fortel Terje Kjøde, leiar i Sunnmøre Mållag. I fall det vert seminar, blir det på det nye hotellet i Fosnavåg. Då får deltakarane samstundes sjå det nye kulturhuset. Årsmøtet i Sunnmøre Mållag vert halde laurdag 28. februar i Herøy.

 Ei mellombels programskisse for kombinasjonen årsmøte og seminar ser slik ut. Og her kan det verte endringar.

Laurdag 28. februar:

1030-1100: Innsig og registrering

1100-1330: Årsmøtesaker

1330-1430: Lunsj og utdeling av målpris

1430-1800: Nynorsken og kommunereforma. Informasjon og foredrag, debatt, skolering, strategi og arbeidet vidare.

1900: Middag, kulturprogram, sosialt samvær

Søndag 1. mars: 

0930-1030: Korleis markere seg i lokalsamfunnet. Nynorsk i næringslivet, korleis nå nye grupper.

1030-1130: Allkunne og samarbeid med Nynorsk Kultursentrum

1130- 1200: Eventuelt. Oppsummering. Vel heim. Det er mogleg det vert omvising i det nye kulturhuset.

 

Økonomi: Her det tre alternativ baserte på overslag frå hotellet.

  • Alternativ 1: Full pakke; lunsj, middag og overnatting med frukost. Pris pr. deltakar kr 1200,-
  • Alternativ 2: Utan overnatting, men lunsj og middag laurdag. Kr 600,-
  • Alternativ 3: Berre lunsj laurdag. Kr 300,-

Det må vere minimum 20 deltakarar for å halde seminaret. Dersom det ikkje vert det, vert det vanleg årsmøte. 

Årsmøteprogrammet:

  1. 1030-1100: Innsig og registrering
  2. 1100-1300: Årsmøtesaker
  3. 1300-1430: Lunsj med kulturinnslag og utdeling av målpris.
  4. 1430- 1600: Nynorsken og kommunereforma  

Påmelding til seminar: Av omsyn til hotellet er det kort frist. Berre til 1. februar. 

Meld i frå Terje Kjøde på e-post: terje.kjode@tussa.com eller telefon 909 21 293 eller Facebook. 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no