Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utlysing av stipend

 (27.01.2015)

Noregs Mållag lyser ut to stipend à kr 50 000. Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde. Søknadsfristen er 1. mars. 

Føremål: Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde. Stipendnemnda ser særleg positivt på søknader som har som føremål å få nynorsken i bruk på område der han frå før har lite rom.

Kriterium for tildeling: Ei kvinne og ein mann skal tildelast kvar sitt stipend à kr 50 000. Stipendet er eit arbeidsstipend og kan ikkje nyttast til ordinær utdanning eller til reiser.

Krav til søknad/prosjektskildring: Problemstilling og mål- arbeidsform/metode- tidsplan- budsjett- vedlegg: CV og eventuelt referansar til tidlegare arbeid

Krav til sluttrapportering: Det skal leverast ein skriftleg sluttrapport (papir og elektronisk) innan fristen. Stipendiatane må seia seg villige til å leggja fram prosjektet for styret eller andre organ etter nærare avtale.

Frist for innlevering av søknad med prosjektskildring er 1. mars 2015.

Send søknad og eventuell dokumentasjon til Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo eller på e-post til dagleg leiar Gro Morken Endresen, gro.morken@nm.no

Styret i Noregs Mållag er stipendnemnd. Styret tek sikte på å kunngjera kven som har fått tildelt stipend, i april 2014. Frist for innlevering av ferdig prosjekt er sett til 11. desember 2015.

Styremedlemer og tilsette i Noregs Mållag kan ikkje søkja stipendet.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no