Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Røyst på verdas beste nynorskblogg

 (28.01.2015)

Framtida.no, Noregs Mållag og Norsk Målungdom skal kåra verdas beste nynorske blogg. Over 100 framlegg har kome inn. Juryen har presentert 38 nominerte bloggar gjennom året. Av desse har juryen samla seg som 12 finalistar som publikum no skal få røysta på.

– Me er imponert over nivået på mange av bloggarane, seier juryleiar Svein Olav B. Langåker, redaktør i Framtida.no. Kjartan Helleve frå Noregs Mållag og Synnøve Marie Sætre frå Norsk Målungdom sit òg i juryen.

Fristen for å stemma er 14. februar.

– Me håpar publikum engasjerer seg, og røyster på den bloggen dei synest fortener å vinna, seier Synnøve Marie Sætre.

Avstemminga tel 60 prosent av resultatet. Etter avstemminga vil juryen samlast igjen og kåra ein vinnar.

Sjå kven du kan røyste på hjå framtida.no 
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no