Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stør oppgradering av kvensk språk

 (04.02.2015)

Styret i Noregs Mållag stør ei oppgradering av kvensk språk frå nivå to til nivå tre i den Europeiske Minoritetsspråkspakta. 

Som den største språkorganisasjonen i landet, vil Noregs Mållag at også denne delen av språkmangfaldet i Noreg skal haldast i hevd. Brukarane av kvensk har gjennom tida vore utsette for ein knallhard fornorskingspolitikk. Det har gjort at språket i dag vert rekna som truga. Fyrst i 2005 fekk kvensk status som eige språk, og dei siste to åra har språket fått både lærebøker og ein grammatikk.

Ved å vedtaka ei nivåheving kan regjeringa bidra til å halda liv i det kvenske språket og gje ny kveik til det kvenske språksamfunnet. Brukarane av kvensk må også ha rett til å sjå språket sitt i bruk gjennom media, og få opplæring i språket sitt. Då vil kvensk få betre sjansar til å leva vidare som ein viktig del av språkmangfaldet i Noreg.

 

Tekstutdraget står på ein minnepinne som er for sal i nettbutikken til Kvensk institutt. Teksten tyder "Ikkje gløym meg!". 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no