Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny spelefilm på nynorsk

 (06.02.2015)

– Nynorsk spelefilm for born er ikkje kvardagskost! Reisa til fjørkongens rike har premiere i dag. Der er både dialektar og nynorsk sentralt, og det er vi veldig glade for, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. I dag er det premiere på den animerte spelefilmen Reisa til Fjørkongens rike. 

For borna i Noreg er det svært viktig å møte eit slikt språkleg mangfald på film, og for nynorskborna er det er ekstra viktig å møte sitt eige språk – også på kino. 

–  Vi vonar filmen vert godt motteken over heile landet. I Volda mellom anna blir det filmframsyning på laurdag, og då skal Volda Mållag markere dette, fortel Marit Aakre Tennø. 

– Enkelt med nynorsk

Det vesle filmdistribusjonsselskapet KontxtFilm er dei som har henta filmen til Noreg. 

– All den tid eg er for språkleg mangfald, så var det ikkje målpolitiske grunnar til at me enda opp med nynorsk. Filmen høvde til det, skodespelarane snakka slik og det vart enkelt å få til, fortel distributør Stig Brekke.

Den vesle kaninen Johan mistar mor si. Det er ikkje like enkelt å forstå for ein liten gut. Ein dag er han ute på sjøen og finn vegen til ei underverd der Fjørkongen styrer. Kan han finne att mor si der?   

Resan till Fjäderkungens rike hadde premiere i Sverige i mars i fjor. Regissør Esben Toft Jacobsen er dansk, og produksjonsselskapet bak er dansk. Men sidan mesteparten av pengane kom frå svensk hald, blir han kalla den ein dansk-svensk samproduksjon.

Stig Brekke, som driv det vesle filmdistribusjonsselskapet KontxtFilm, såg filmen på filmfestivalen i Berlin. Filmen var med i sjølve tevlinga, og det er i seg sjølv eit kvalitetsteikn. Brekke hadde tidlegare sett den fyrste filmen til regissør Jacobsen, utan å bli imponert. Denne gongen vart han gripen.  

– Han skilde seg ut, seier Brekke.

Film med meining

Det er kjennemerket for dei filmane det vesle selskapet hans har fått ut til norske kinoar. Det er nok amerikanske eller engelske storproduksjonar, og målet hans er å syne ungane at det også finst andre måtar å fortelje historier på.     

– Det som slo meg med denne filmen, var at det har ei meining. Eg har ingenting mot eventyr og fantasi, det er det også i denne filmen. Men denne filmen har meir rot i røynda, det er ei meining, ein bodskap i botnen. I tillegg er han godt laga. Det må han vere om han skal ha sjanse til å nå ut. Det er nesten slik at slike små filmar som denne må vere betre enn Hollywood-filmane, for å nå eit publikum. Og det meiner eg at denne er.

– Eg ser at filmskaparane er inspirerte av japansk barnefilm?

– Det er sant, men det er vel så mykje ei nordisk barneforteljing her. Både Astrid Lindgren og Tove Jansson skreiv om vanskelege ting og om å flykte inn i andre univers, seier Brekke. 

Hovudrolle frå Ulsteinvik

Det er ikkje uvanleg å høyre dialekt i norsk barnekultur, og NRK Super er det fremste dømet på det. Denne filmen er også ein liten dialektfestival, men i tillegg er både informasjon og rulletekstar på nynorsk.    

– Det er litt på slump. Eg er sjølv frå vestlandet, og tykte eg kjende att stemninga og karakterane derifrå. Det er store spørsmål, få ord og ute ved kysten ein stad. Det er litt Jon Fosse over det. Det var denne kjensla eg ville halde på, då eg skulle sjå etter norske skodespelarar. Sally Nilsson var den fyrste skodespelaren som vart klar, men enn så lenge var det berre henne med rogalandsdialekt. Då eg skulle finne han som skulle leggje røyst på hovudpersonen, den vesle guten, stod det mellom tre kandidatar. Den beste var Martin Svendsen Dimmen frå Ulsteinvik. Stemma hans har eit sterkt nærvær som eg likar godt. Dermed måtte jo fleire rundt han ha liknande dialekt, og då tok me steget heilt ut, fortel Brekke.

Nordub i Volda

Nordub har hatt studio i Volda i fleire år, og Dimmen har lagt røyst på karakterar i tv-seriar på NRK Super. Brekke har arbeidd lenge med Nordub, og deira erfaring var heilt avgjerande for prosjektet.

– Utan erfarings deira, hadde det ikkje gått. Dei hadde ein omsetjar, Astrid M. Grov, som har erfaring med å setje om slike manus. Det gjorde det trygt og ufarleg. All den tid eg er for språkleg mangfald, så er det ikkje målpolitiske grunnar til at me enda opp med nynorsk. Filmen høvde til det, skodespelarane snakka slik og det vart enkelt å få til.

– Har du ikkje møtt motstand nokon stad?

– Dei einaste som har reagert er andre distributørar. Fleire kinoar har vore overbegeistra, men kollegaer har himla med augo og spurt om eg verkeleg vil meg sjølv så vondt. Så motstand finst. Men det er viktig for meg å tenkje utanfor boksen, og dette er eit døme på det.

– Kvifor er det ikkje fleire som gjer det same?

– Det er vel ein kombinasjon av eigen motvilje og motvilje frå filmprodusenten. Store amerikanske og britiske produksjonar krev å få godkjenne dei skodespelarane og språket som blir nytta i andre land. Dei er truleg skeptiske til ein mindre brukt språk, og vil gå for det største. Men denne filmen er relativt liten, og regissør Jacobsen kjem sjølv frå vestkysten i Danmark. Han forstod raskt kva eg var ute etter og var heilt med på nynorsk, fortel Brekke.

Filmen har premiere 6. februar og blir synt på nesten sytti kinoar rundt om i landet.

Artikkelen er henta frå Norsk Tidend 1 / 2015
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no