Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Konferanse i Bergen

 (10.02.2015)

– Alle er velkomne til Bergen. Både frå Oslo og frå alle kantar av landet, seier Nils Mæhle, leiar i Bergen Mållag, og ein som skipar Bergenskonferansen i april. 

– Både kommunereforma og omorganisering i høgare utdanning gjer at vi stiller spørsmålet: kva har dette å seie for nynorsken? Vi inviterer til konferanse for å drøfte desse saksfelta, fortel Nils Mæhle, leiar i Bergen Mållag.

– I april er det venta ei stortingsmelding om organisering av høgare utdanning, og det er også varsla ei melding om kommunereforma. Vi vonar at konferansen er med og set dagsorden og skapar debatt. Det er viktig at folk er medvitne om kva slags endringar desse omorganiseringane kan føre til for nynorsken, seier Nils Mæhle.

Til saka om ny struktur i høgare utdanning er det rektor ved Høgskolen i Bergen, Ole-Gunnar Søgnen og rektor ved Høgskulen i Volda, Per Halse som innleiar til debatt. Tittelen på punktet er: "Ny institusjonsstruktur innanfor høgare utdanning. Språklege konsekvensar med vekt på nynorsk."

Bergen som nynorskby

– Og så skal vi også ha ein spennande paneldebatt med tittelen: Bergen som nynorskbyen i Noreg, seier Nils Mæhle.

– Denne debatten samlar både folkevalde og andre. Då kjem mellom andre Birthe Eriksen, styreleiar i Hordaland Teater, Astrid Olsen, leiar i Hordaland Mållag, Kjersti Toppe, stortingsrepresentant frå Sp, Oddny Miljeteig, gruppeleiar for SV i Bystyret og Terje Breivik, stortingsrepresentant frå Venstre. Debattleiar er Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, redaktør i Allkunne.no. I tillegg byr vi på emna kva skjer med norskfaget i lærarutdanninga, og nynorsk forsking og nynorsk i media.

Ope for alle

– Dette er ein konferanse for målungdomar, målfolk i alle aldrar,  studentar, tilsette og for dei som til vanleg har sitt daglege virke i kommunar og fylkeskommunar, seier Nils Mæhle.

På kvelden vert det kveldsete med forfattar Frode Grytten, som også har med seg nokre musikarar.

– Det trur eg vert veldig flott, og etter underhaldninga med Frode Grytten vert det middag og sosialt samvær, fortel Nils Mæhle. Konferansen skal vere i det nye høgskulebygget til Høgskolen i Bergen på Kronstad.  

– Dette er eit fantastisk flott bygg og verkeleg ein attraksjon i seg sjølv, seier Nils Mæhle som vonar mange tek turen til Kronstad og Bergen denne siste helga i april.

 

Fakta om Bergenskonferansen

> Konferansen er laurdag 25.-26. april i det nye høgskulebygget på Kronstad

> Høgskolen i Bergen, Bergen Mållag og Hordaland Mållag har gått saman om å skipe ein felles konferanse 

> Les meir og meld deg på til Bergenskonferansen 

Teksten er henta ifrå Norsk Tidend 1 / 2015
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no