Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Regjeringen eller regjeringa, spelar det noka rolle?

 (10.02.2015)

Før jul lanserte regjeringa nye nettsider. Frå å ha heitt både regjeringen.no og regjeringa.no, heiter det øvste politiske organet i Noreg no berre regjeringEN. Og sjølv om du framleis kan koma inn på sida ved å skriva www.regjeringa.no så er overskrifta på sida regjeringen.no. Alle tekstar på framsida unnateke to overskrifter er på bokmål. Hovudinntrykket er bokmål.

Både rett før og rett etter jul har det vore høglytte protestar. Frå ordførarar, mållaget, målungdomen og målfolk over heile Noreg. Men regjeringa har stått på sitt. Dei har valt å blanda nynorsk og bokmål på same sida, og stør seg på at Språkrådet har sagt at det er ein god måte å løysa mållovskravet om 25 prosent nynorsk på. Men så er det ikkje det Språkrådet har sagt. Dei har i brev til regjeringa i arbeidet med dei nye sidene rådd dei frå å gå for ein modell med begge språka på same sida. Men sagt at det kan vera ei løysing.

Og sjølv om intensjonane er gode, og kanskje når ein reknar opp alle undersider så er ein i mål med 25 prosent nynorsk, så heiter regjeringa no med eitt berre regjeringen. Og det vil dei tydelegvis helst gjera. Kvifor?

Det er jo ikkje slik at den norske staten i utgangspunktet er ein bokmålsstat, og at bokmålet kjem heilt av seg sjølv. I det ein set seg ned for å skriva noko, må ein aktivt velja kva språk ein skal skriva på. Det norske staten er ein fleirspråkleg stat som mange andre statar i Europa, og då må staten retta seg etter det. Ikkje berre finst det plikter om å produsera tekst på alle språka åt ein stat, det finst òg ansvar. Kva språk staten produserer tekst på, har noko å seia. Men det er det ikkje lett for dei som brukar det mest brukte språket, å sjå. Men for alle dei andre språkbrukarane er det viktig å sjå og lesa språket sitt. Og det er sjølvsagt difor det finst mållover og språklover rundt om i verda, nett fordi fleirtalet må minnast på ansvaret sitt. For når det høgste politiske organet i landet seier dei ikkje forstår kritikken, provar det for det fyrste nok ein gong kor viktig mållova er, og for det andre at me målfolk må verta flinkare til å argumentera for kvifor mållova er viktig.

Mange gonger vert argumentasjonen vår at mållova er viktig å halda fordi ho er ei lov og norske lover skal ein halda. Det er sjølvsagt rett, men det aukar ikkje forståinga for kvifor det er viktig at det står ”vent på raudt lys” på skilta til Vegvesenet i dei områda mållova seier at Vegvesenet skal nytta nynorsk.

Vidare vert det ofte argumentert med at fordi nynorsk og bokmål er jamstelte, må staten nytta begge språka. Og det er sjølvsagt heilt rett, men om ikkje nynorsk og bokmål var jamstelte, så ville det framleis vore viktig for det nynorske språksamfunnet at staten produserte tekst på nynorsk. Sjølv om jamstellinga er eit argument i seg sjølv, så er ikkje det argumentet med og forklarar kvifor ei lov som mållova er viktig.

Kanskje har mållovsarbeid og mållovsargumentasjon blitt litt stemoderleg handsama fordi nokon har tenkt at det ikkje er så viktig - me forstår kvarandre likevel? Men det summen av alle dei her ubetydelege tekstane som er våre språklege rettar, og til saman er dei ein viktig del av nynorsk tekstproduksjon. På vårkonferansen vår i Fredrikstad i februar har me sett av tid til alle desse spørsmåla om mållov og språklov og det offentlege sitt ansvar for språka våre i Noreg. Mellom anna kjem Synnøve Midtbø Myking, ho har studert fransk i Canada og skal seia noko om nett korleis ei tøff lovregulering kan få det som berre knapt var eit fransk skjer, til å verta ei heil øy i eit hav av engelsk. Men for å få det til, må det vilje til, politisk vilje. Og politisk forståing for at det er viktig.

I det offentlege ordskiftet kring regjeringa sine nye nettsider er det kanskje nett den politiske forståinga for kvifor det er viktig å bruka nynorsk på offentlege nettsider, som ikkje verkar vera tilstades hjå dei som har ansvar for dette arbeidet. Alle språk treng å bli brukte og sedde, og mindre språk treng det meir enn større. Difor er staten sitt ansvar for alle dei mindre språka ekstra viktig og ikkje minst ekstra viktig at vert forstått. Det er ikkje nok å gjera seg forstått, ein skal ta vare på heile skrifttradisjonar og språkbrukarar. Og den argumentasjonen gjeld for alle språka i Noreg frå det største til dei minste. Då må ein sjå at språk er meir enn kommunikasjon, og at det finst ein  eigenverdien i språket som er verdt å taka vare på.

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, leiarteig i Norsk Tidend 1 / 2015
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no