Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vårseminar i Fredrikstad

 (12.02.2015)

For fyrste gong sidan 1948 skipar ikkje Noregs Mållag til landsmøte for organisasjonen. I staden blir det nasjonalt vårseminar i Fredrikstad. 

På landsmøtet i 2012 vart det vedteke at organisasjonen berre skulle ha landsmøte annakvart år. Slik ville ein både spare på utgiftene til lokallaga, og også frigjere arbeidstid på skrivarstova til andre oppgåver. For at det ikkje skulle gå for lang tid mellom kva gong organisasjonen møttest, ville styret skipe til nasjonale seminar dei åra det ikkje er landsmøte. Det ligg arbeid i slike tilskipingar også, men kravet om årsmeldingar, sakspapir og rette fullmakter er fråverande.

– Det er viktig at det er mange utsendingar på landsmøta, og dette er nok noko lokallaga også kjenner på. Men det kostar, og ikkje alle laga har høve til å sende utsendingar kvart år. No håpar me at ved å ha møte berre annakvart år, så kan fleire kome på landsmøta, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

– Samstundes er det nok folk og lag i denne organisasjonen som har lyst til å møtast for å snakke språkpolitikk. Meininga med desse vårseminara er at dei skal vere som eit landsmøte, men utan den formelle sakshandsaminga som høyrer slike møter til. Me skal få til akkurat det same politiske ordskiftet og sosiale samværet som på landsmøta, seier Endresen, som gler seg stort til å kome til Fredrikstad.

På programmet står sjølvsagt kommunereforma og dei språklege utfordringane som fylgjer med. Det blir innleiingar om offentleg målbruk og spørsmålet om Noreg bør få ei eiga språklov. Nye vegar til nynorsk barnelitteratur er eit anna emne, og ein kampanje for nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar vil bli presentert.

– Me er særleg glade for at sametingsråd Ann-Mari Thomassen frå Sametinget kjem. Det samiske språket har mykje av dei same utfordingane som nynorsk, og det skal bli veldig interessant å høyre om korleis ho tenkjer fram mot kommunereforma, seier Endresen. 

Seminaret skal vere på Litteraturhuset i Fredrikstad. Påmeldingsfristen er 27. februar, og seminaret er ope for alle.

Teksten er henta ifrå Norsk Tidend 1 / 2015
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no