Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utetid er verdas beste nynorske blogg

 (19.02.2015)

Bloggen Utetid av Ingebjørg Nondal frå Odda er kåra til verdas beste nynorske blogg. Til lukke! 

– Med bloggen Utetid viser Ingebjørg Nondal vilje til å definere kva bloggen skal handle om. Bloggen hennar er personleg, og gjennomført på ein måte som er inspirerande og interessant for eit stort publikum, seier Svein Olav Langåker, redaktør i Framtida.no og jurymedlem. Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) har òg vore med i juryen.

I tillegg til heider og ære får vinnaren 10.000 kroner i premie.

– Det er veldig stas, seier Ingebjørg Nondal. 31-åringen frå Odda synest det er kjekt å bli heidra for å skrive på nynorsk.

– Det er det språket som er naturleg for meg å uttrykkje meg på. Det hadde vore heilt feil for meg å skrive på bokmål, seier Nondal som til vanleg jobbar som norsklærar.

– Fortener eit stort publikum
Kvar veke gjennom 2014 har Framtida.no, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg. På nyåret blei 12 av desse plukka ut som finalistar og publikum har fått høve til å røyste på favoritten sin. Avstemminga har telt 60 prosent, medan juryen har disponert resten av stemmene.

– Gjennom kåringa vår har me sett mange gode bloggar på nynorsk som fortener eit større publikum. Finalistane viser eit stort spenn, men samstundes eit høgt nivå, seier Svein Olav Langåker.

Les meir om tevlinga hjå framtida.no 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no