Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. APRIL 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Skrivekurs i Selje

 (25.02.2015)

Sogn og Fjordane Skrivelag inviterer til skrivekurs med forfattar May Grethe Lerum som instruktør. Dette biletet er ifrå landsmøtet i Noregs Mållag der May Grethe Lerum (t.v.) fekk tildelt eit nynorskstipend få Noregs Mållag av Marit Aakre Tennø. 

Skrivekurset er på Selje Hotell i vakre Selje frå fredag til sundag 20.-22. mars. 

– Sogn og Fjordane Skrivelag har medlemmar både i og utanfor Sogn og Fjordane, og dei fleste medlemmane nyttar nynorsk. Å lære opp og støtte forfattarspirer i Sogn og Fjordane må kunne seiast å vere eit viktig tiltak for å styrke nynorsk og få fram endå fleire forfattarar som skriv nynorsk, seier Anne Marie Baugstø-Hartvigsen i Sogn og Fjordane Skrivelag. 

– Å skrive forteljingar kan vere som å setje til havs utan årer og segl. Blir du med på skrivekurs i Selje, får du både utforske dei kreative bølgjene, men også lære å snikre ein båt som held. May Grethe Lerum, bestseljande forfattar og gjestelærar på Skrivekunstakademiet, loser oss gjennom helga og lover å by på både inspirerande skriveleik og praktiske forfattarverktøy, skriv Sogn og Fjordane Skrivelag om skrivekurset. 

Påmeldingfrist er 27. februar. 

Les meir her http://skrivelaget.com/2015/01/19/skrivekurs/ eller på Facebook: https://www.facebook.com/events/573581016110854/

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no