Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tid for fylkesårsmøte!

 (26.02.2015)

Fylkesårsmøtesesongen opnar i kveld. Øyvind Fenne, leiar i Romsdal Mållag, inviterer til årsmøte i Molde, og Fylkesmållaget Vikværingen har invitert til årsmøte på skrivarstova i Oslo.  

Fylkesmållaget Vikværingen er fylkesmållag for lokallaga i Oslo, Akershus og Vestfold. Møtekvelden i kveld startar klokka 18 med årsmøte i Oslo Mållag. Deretter er det årsmøte i Vikværingen og etter det er det felles programøkt om Aasmund O. Vinje. Janne Nygård, styremedlem i Noregs Mållag, er gjest frå styret på årsmøtet og held eit innlegg på møtet.  

Romsdal Mållag samlast i kveld på Bekkevoll ungdomskole i Molde torsdag 26. februar klokka 18.30. Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, vil vere med på årsmøtet og skal snakke om kommunereforma og nynorsken. 

Til helga er det fylkesårsmøte både i Sunnmøre Mållag, Sogn og Fjordane Mållag, Hordaland Mållag og Valdres Mållag. Følg med på innmelde tilskipingar på kalenderen til Mållaget utetter våren. Meld gjerne ifrå om eigne tilskipingar.

Vi ynskjer alle lukke til med spennande årsmøtesamlingar!

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no