Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Velkomen til Soldal litteratursauposium

 (02.03.2015)

Soldal litteratursauposium er verdas einaste litterære salong som utforskar samanhengen mellom sauedrift og verdslitteratur. 

Fredag 6. mars klokka 19 vert det forfattarmøte med Sigrid og Guri Sørumgård Botheim forfattarane av romanen Ramstein Pensionat. 

Sal av sauekjøt og forfriskingar. Quiz med fokus på Marijampole, Romsdalen, Lesja og Kvam. Basar med gilde vinstar.  Staden for Soldal litteratursauposium er Grendehuset Skogheim på Soldal. Arrangørar for denne verdshendinga er Kvam mållag og Soldal og Skåre grendalag. 

Kommunalminister Jan Tore Sanner meiner at Noreg bør redusere antal kommunar frå 428 til omlag 100. Mange kommunar vurderer å slå seg saman med naboane. Men HEI!, seier vi, er ikkje det litt fantasilaust? Nabokommunen er som regel ein upopulær kranglefant og kverulant. Vi meiner at kommunane bør finne seg ein partnar med like interesser. Kva skjer om Lesja og Kvam slår seg saman til LAM kommune?

Vi er barn av den stressande, teknologiske, interkommunale tidsalderen. Men ifølgje Statistisk sentralbyrå drøymer så mange som 800 000 nordmenn om eit harmonisk liv på landet. LAM kommune tilbyr innbyggjarane eit enkelt, kommunalt bygdeliv med sauehald, brokkolidyrking, ordførar frå Graspartiet og Edward Snowden som bygdas einaste kyrkjeasylant. Det største kriminalproblemet er nynorskkriminalitet. Vil du veta meir om LAM kommune? Kom på informasjonsmøte på Skogheim grendehus!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no