Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Hallingane vil lese nynorsk!

 (02.03.2015)

Redaktør Bjarne Tormodsgard (Foto: Kjartan Helleve)

 

Berre sju prosent av lesarane vil ha bokmål i avisa Hallingdølen, og 54% vil ha nynorsk, syner ei ny undersøking. 

Ifølgje ei undersøking Opinion har gjort for Hallingdølen, er 54 prosent av lesarane positive til nynorsk i avisa. Dei har gjennomførd ei spørjeundersøking der 887 lesarar er spurde om kva dei meiner om språket i avisa.

Svara er klare. Berre sju posent er negative og 32 prosent stiller seg nøytrale i spørsmålet om språk, medan 54 prosent er positive til nynorsk i Hallingdølen.
– Gledeleg at nynorsk står så sterkt. Eg kan vel seie såpass at det er lite aktuelt for oss å skifte målform, seier Bjarne Tormodsgard, redaktør i Hallingdølen i ein kommentar til si eiga avis, som i 2013 vart kåra til både årets lokalavis i Noreg og i Europa.

I Hallingdølen er det redaktøren som til ein kvar tid bestemmer kva for målform avisa skal ha.
Det står ingen stader i vedtektene frå 1936 at avisa skal vere nynorskavis. Fram til 1970-talet var det då også både bokmål og nynorsk i avisa, men sidan 1970-talet har målforma vore nynorsk.

Også hjå Noregs Mållag er gleda stor over resultatet.
– Dette er strålande, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, når ho får høyre tala.
For nynorsk er stadig under press, særleg i skulen. I skulemålsrøystinga i Hol i fjor vart det siger til nynorsk. Men denne våren er det duka for ny røysting som ein følgje av samanslåinga av skulane i Holet og Hovet.
– Sett i lys av debattane i Hallingdal er dette gode tal. Nynorsk har jo lange tradisjonar, seier Marit Aakre Tennø til Hallingdølen. Ho legg vekt på at for målrørsla er Hallingdølen er svært viktig.
– Hallingdølen bidreg til å vise fram nynorsk. For nynorsk i Hallingdal er avisa viktig.
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no