Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Viktig og godt Sunnmørsseminar

 (03.03.2015)

Dei fremste på biletet er frå venstre Anne Lise Knotten Skoge, Brynhild Mykkeltveit Sandanger, Veronika Bonaa, målprisvinnar Liv Randi Bjørlykke og Camilla Auflem Vik. 

Nynorsken sin lagnad i kommunereforma var hovudtemaet på Sunnmørsseminaret 2015 i Fosnavåg i Herøy kommune. 

Seminaret var kombinert med årsmøtet, og heile 38 deltakarar var med. Gode og innsiktsfulle innleiarar og engasjerte debattar og kommentarar prega seminaret.

Marit Aakre Tennø, Noregs Mållag, og Vidar Høviskeland, Landssamansluttninga av nynorskkommunar (LNK), var hovudinnleiarar. Dei andre innleiarane var påtroppande rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, skrivar i Sunnmøre Mållag Iselin Nevstad Øvrelid, som har skrive masteroppgåve om målbyte, og Nils Ulvund, eldsjel og leiar i Sunndal Mållag. Sunnmøre Mållag er merksame på at kommunereforma kan endre på premissane for nynorsken på Sunnmøre, og ønskjer å skolere og bu medlemmene på det arbeidet som ventar. Seminaret la eit godt grunnlag for dette.

Stina Aasen Lødemel frå Nynorsk Kultursentrum orienterte om Allkunne-prosjektet. Ho inviterte medlemmer i Mållaget til å melde seg som forfattarar, og ho vonar at mållaga vil medverke til å spreie informasjon om Allkunne.

Årsmøtet vitna om at dei fleste lokallaga på Sunnmøre er aktive og vitale. Medlemstalet har auka jamt og trutt siste åra. Sunnmøre Mållag har i dag over 300 medlemmer meir enn for berre få år sidan. Sande Mållag har enno ikkje fylt to år, men har allereie 60 medlemmer. Ikkje verst i ein kommune med vel 2600 innbyggjarar.

Solveig Linge Stakkestad frå Norddal Mållag vart vald til ny leiar i Sunnmøre Mållag etter Terje Kjøde, som takka av etter seks år. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no