Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til røysta frå Valdres

 (04.03.2015)

Sundag fekk Sigrid Havig Berge Målprisen av Valdres Mållag. Ho er journalist i Valdres for NRK Hedmark og Oppland og brukar valdresmål i arbeidet. 

– Sigrid Havig Berge har ein god og tydeleg dialektbruk. Det er lett å få med seg kva sakene ho produserer for NRK Hedmark og Oppland dreiar seg om, seier Reidun Dølehuset, leiar i Valdres Mållag. 

– Valdres Mållag set stor pris på at det blir brukt valdresmål i NRK. Det er ingen automatikk i det, sjølv om sakene blir produsert her, eller handlar om Valdres. Berge har no vorte røysta frå Valdres i NRK, og vi kan knapt hugse sist det var ein korrespondent frå Valdres med så klar og fin valdresdialekt, seier Reidun Dølehuset, som overrekte prisen i høve årsmøte og kulturkveld i Valdres Mållag. 

– Valdres Mållag er glad for at ei ung kvinne frå Valdres viser veg med god språkbruk. Når valdresmålet er truga, er det viktig at ungdom i dalføret vårt får sjå og høyre at målet vårt er brukande i media. Det er tydeleg at Sigrid Havig Berge jobbar med språket i sendingane sine, seier Reidun Dølehuset. 

Dialektar i media, også i NRK, har hatt ein tendens til å vera mangelvare. Serien «Dialektriket» sette også fokus på at enkelte dialektar sjeldnare kjem til i media enn andre. Valdresmålet er utan tvil blant desse. Mållaget er derfor ekstra glad for at Sigrid Havig Berge er med og løftar fram valdresdialekten, og sørgjer for at vi får meir og ikkje mindre av han i allmennkringkastinga.

– Vi håpar NRK også i framtida verdset medarbeidarar som er med og oppfyller NRK sine eigne mål om å la folk få møte sitt eige språk i media. Det er ei ære for Valdres Mållag å få gje Målprisen 2015 til den framifrå dialektbrukaren Sigrid Havig Berge, smiler Reidun Dølehuset. 

Målprisen til Valdres mållag har vore ein tradisjon sidan 1990, og Berge føyer seg dermed inn i ein stolt tradisjon med andre mottakarar som Inger Helene Nybråten, Valdresromantikk.no og Helle slakteri. Sigrid Havig Berge var føreslått frå fleire hald, og avgjerda var samrøystes. Juryen er styret i Valdres Mållag.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no