Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Trøndersk målpris til Eli Aune

 (07.03.2015)

På fylkesårsmøtet i Trønderlaget fekk Eli Aune tildelt Trøndersk målpris 2015. Ho er i dag rektor ved siste nynorskskulen i Trøndelag, Jåren-Råbygda oppvekstsenter, der det nett vart fleirtal for bokmål som opplæringsspråk. 

– Ho er både fagleg god og har ein personlegdom som gjer folk begeistra for nynorsk, seier Jan Sørås, leiar i Trønderlaget og Olav Kuvås, nestleiar i Trønderlaget. Eli Aune har vore måldame heile sitt liv. Ho har vore aktiv i mållaget, og ho har hatt eit viktig virke i skulen som rektor.

– Vi i Trønderlaget er glade for alt det ho har gjort for nynorsken. Ho har gjeve mange nynorskelevar eit positivt syn på språket sitt, og dette har blitt ein sentral verdi dei har hatt med vidare i livet, seier Olav Kuvås.

Han legg til at det i ordskiftet rundt skulemålsrøystinga slett ikkje alltid har vore ei lett rolle å vere rektor ved skulen, men Eli Aune har helde seg nøytral i debatten.

– Eg set stor pris på denne heideren. Det har vore kjekt å ha fått oppleve så mange ungar bli glade i og stolte av nynorsken, fortel Eli Aune. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no