Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Marthas på Sotra

 (10.03.2015)

– Marthas Delikatesser AS nyttar nynorsk i ein bransje der bokmål har sterk dominans. Difor er innsatsen til ei verksemd som Marthas Delikatesser AS svært viktig - det gjev folk høve til å møta nynorsken i dagleglivet, seier Astrid Olsen, leiar av Hordaland Mållag. 

På fylkesårsmøtet nyleg vart det offentleggjort at Målprisen 2015 i Hordaland går til den kvalitetsmedvitne salat- og sildeprodusenten på Sotra. 

– Det har vore heilt naturleg for oss å halde på nynorsken. Me er på Sotra, og her er det nynorsken som gjeld, seier dagleg leiar Ole Martin Høyland. Han tok mot prisen saman med Håkon Krog, produksjonsarbeidar og maskinsjef. Prisen er eit kystbilete av kunstnaren Liv Jorunn Skjold. 

Gründeridéen kom under ein hyttetur der faren, Ole Magne Høyland, ikkje fann ei einaste reke i salatboksen då han opna nisteskreppa.

– Far passar enno på oss, at me ikkje let oss freista til å gå ned på rekeprosenten, seier noverande daglege leiar. Prinsippet har tydelegvis lønt seg. For sjølv om det er langt att før Sotraverksemda tek att dei store salatprodusentane, så har det vakse fram ei solid verksemd, med seks tilsette og ei omsetjing på eit par og tjue millionar kroner i året.

– Me lagar rekesalat, rødbetsalat, italiensk salat, vestkystsalat og potetsalat i beger, pluss sild- og rekesalat i spann til storkjøkken og gourmetrestaurantar. Dei mest vanlege sildetypane er sursild, tomatsild, sennepssild, rømmesild og tyttebærsild - og ein god del av dei går til storkjøkken i Nordsjøen.

Dei har aldri merka noko ulempe med å halde seg til nynorsk på etikettar og anna marknadsføringsmateriell.

– Snarare tvert om. Det er heller med på å understreka særpreget vårt, seier Ole Martin Høyland.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no