Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utdeling av Østfoldprisen

 (12.03.2015)

Østfoldmålprisen 2015 til ”ukjende” forskarar som har gjort eit stort arbeid.

Styret i Østfold Mållag har bestemt at Østfoldmålprisen 2015 skal gå til forskarane Tom Schmidt og Margit Harsson ved Universitetet i Oslo. Dei to prisvinnarane er ikkje offentlege kjendisar, men sidan 1994 har dei i det stille gjort eit stort arbeid for å publisere historia til alle namn på stader der det bur folk i Østfold. I alt har dei gitt ut 14 bøker i serien Bustadnavn i Østfold. Bindet om Onsøy kom i 2012, og bindet om Hvaler kom i 2014. Boka som dekker Fredrikstad, Kråkerøy og Borge kjem i år om ho får finansiering.

Bustadnavn i Østfold bygger på eit handskrive manus på 7789 A5-sider frå professor Kåre Hoel (1922-89). Målet er å gjere greie for alle namn på gardar, husmannsplassar og andre busette eigedommar i Østfold. Juryen til Østfoldmålprisen slår fast at denne bokserien gir østfoldingar ei vitskapleg kvalitetssikra kjelde som er unik i norsk samanheng. Samtidig er det nært samband mellom stadnamn og dialekt, slik at det å ta vare på stadnamn også styrkar dialekta.

– Med prisen til Tom Schmidt og Margit Harsson vil Østfold Mållag gi ei oppfordring til politiske myndigheiter om å redde norsk namnegransking. Dette forskningsområdet er nemleg i ferd med å bli vraka av Universitetet i Oslo, seier Magne Aasbrenn, leiar i Østfold Mållag. 

– I verste fall inneber det at dei store samlingane blir stua vekk, og at Bustadnavn i Østfold ikkje blir fullført. Vi synest det er underleg at kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen tillet Universitetet å oppføre seg slik.

Østfoldmålprisen går til personar som har arbeidd for å styrke prestisjen til folkemålet i Østfold. Den første utdelinga gjekk til professor Einar Lundeby i 1996. Seinare har prisen blant anna gått til  Hans-Jørgen Olsen, Kalle Øby, Vivi Haug, Kristian Strømshaug, Øyvind Bremer Karlsen, teiknaren Øistein Kristiansen og Harald Zwart og Bjørn Nagell (for ”Lange, flate ballær”-filmane). I 2013 gjekk prisen til norsklektor Ragnhild Lier. I 2014 blei han ikkje delt ut.

Juryen for Østfoldmålprisen: Ragnhild Lier, Edvard Mogstad, Kjetil Aasen, Eldbjørg Skaug og Magne Aasbrenn

Prisutdelinga skjer klokka 13.15 søndag 15. mars under Noregs Mållags vårseminar på Litteraturhuset i Fredrikstad.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no