Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk litteraturpris til Lars Petter Sveen

 (13.03.2015)

Eg er veldig glad for at eg har fått prisen. Eg hadde nynorsk på barneskulen, bytte til bokmål på ungdomsskulen og vidaregåande. Men eg fekk aldri noko nærleik til det språket, den nærleiken har eg berre til nynorsken, fortel Lars Petter Sveen. Som legg til med eit smil at han er glad for at han betalte medlemskapen i Mållaget to dagar før han fekk prisen.

Det er Noregs Mållag, Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen. Prisen er eit diplom og 30 000 kroner. I juryen i år sit: Ove Eide, Ragnar Hovland og Mari Moen.

Dette er grunngjevinga frå juryen:
Nynorsk litteraturpris 2014 går til ein modig og tankevekkande roman som kombinerer det historiske og det samtidige på særeige vis. Romanen går inn til mergen av samtida vår, ved å fortelje om handlingar som skjedde for 2000 år sidan. Det bibelske, det tidlause og det samtidige er vove saman i eit fascinerande mønster av forteljingar om enkeltmenneske sine lagnader, håp og verdiar. Mange historier er sette saman til ei stor.

Romanen let oss bli kjende med ulike menneskelagnader og deira møte med vondskap og kjærleik, tvil og tru, opprør og makt. Vi møter menneske som vert knuste av vondskap, som vert skaka av tvil, som vert løfta i tru. Dei lever i eit samfunn fylt av bestialitet og vondskap, men der kjærleiken og det gode heile tida også finst - som ei mulegheit.

Prisvinnaren gjer bruk av krafta, rytmen og poesien i det bibelske språket, og gjer det moderne, vakkert og brutalt.

Prisvinnaren har skrive ein samansett roman om det gode, det vonde og det vakre. Ein roman av eit slag ein aldri heilt har sett maken til, og som vil leve vidare hos lesaren lenge etter at lesinga er over.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no