Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Østfoldmålprisen til Margit Harsson og Tom Schmidt

 (15.03.2015)

Østfoldmålprisen vart i år tildelt namnegranskarane Margit Harsson og Tom Schmidt for bokserien «Bustadnavn i Østfold». 

– Med «Bustadnavn i Østfold» har språk- og historieinteresserte østfoldingar ei vitskapleg kvalitetssikra kunnskapskjelde som er eineståande i Noreg, seier Magne Aasbrenn, leiar i Østfold Mållag og Kjetil Aasen, styremedlem i Østfold Mållag.

– Østfold Mållag er stolte og glade over å kunne gi Margit Harsson og Tom Schmidt ein velfortent pris. Vi vil kjøpe inn eksemplar av bøkene og gi dei til bibliotek i Østfold. Slik håpar vi at «Bustadnavn i Østfold» blir betre kjent i Østfold. Og ikkje minst håpar vi at verket blir fullført, og at faget får leve vidare, seier Kjetil Aasen. Han er tydeleg på at dette arbeidet har vore mogeleg takk vere språksamlingane ved Universitetet i Oslo. No står samlingane i fare for å bli avvikla, og med dei eit heilt fagfelt.

– Vi seier tusen takk for prisen. Vi set stor pris på å få denne merksemda, og det gjev inspirasjon til vidare arbeid, seier Margit Harsson og Tom Schmidt.

Nasjonalt seminar

Denne helga har Noregs Mållag vore samla til nasjonalt vårseminar i Fredrikstad med Østfold Mållag som vertskap.

– Det har vore veldig inspirerande å få besøk av målfolk frå heile landet. Det kom deltakarar frå Målselv i nord til Kristiansand i sør, fortel Magne Aasbrenn. På festmiddagen laurdag kveld var det Per Skranglebein, Julian Sommerfelt og Sunniva Berg som tok målfolket med storm.

– For oss er det utruleg kjekt å kome til Fredrikstad. Vi gler oss over å høyre østfolddialektane, og å drøfte dei nasjonale utfordringane for nynorsken, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Bilete: Vinnarar av Østfoldprisen 2015: Tom Schmidt og Margit Harsson, og prisutdelar Kjetil Aasen. (Foto: Kjartan Helleve) 

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no