Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Landsmøte i Norsk Målungdom!

 (19.03.2015)

Til helga inviterer Norsk Målungdom til sitt 49. landsmøte. Det er på Linderud skole i Oslo. Synnøve Sætre i frå Ørsta er ny leiarkandidat. 

Avtroppande leiar, Karl Peder Mork, ventar ikkje noko dramatikk eller store endringar i politikken til organisasjonen, men gler seg til eit spennande landsmøte. 

Valnemnda har innstilt noverande skrivar Synnøve Sætre, som kjem frå Ørsta, til å ta over som leiar. 

– Eg meiner det er viktig at uansett om du kjem frå eit trygt nynorskområde eller ein stad der nynorsken ikkje står så sterkt, så skal du ha høve til å ha eit medvite forhold til språket. Det gir trygge språkbrukarar, og difor er det noko eg vil jobbe for, seier Synnøve Sætre. 

– Eg er veldig takksam for tilliten valnemnda har synt meg, seier Synnøve Sætre.

Nynorsk i næringslivet

 – Me har fått til mykje bra det siste året, i det siste spesielt når det kjem til nynorsk i næringslivet. Me har hatt gjennomslag for saker som er viktig for unge nynorskbrukarar. Eg er sikker på at denne framgangen vil halde fra, seier Karl Peder Mork.

Noregs Mållag helsar landsmøtet 

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, vil vere til stades ved opninga av landsmøtet. Ho held helsingstalen til Norsk Målungdom frå Noregs Mållag. 

Me ynskjer Norsk Målungdom eit godt landsmøte! 

Les meir om landsmøtet til Norsk Målungdom! 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no