Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fjellvettreglane på nynorsk!

 (23.03.2015)

FJELLVETTREGLANE PÅ NYNORSK: Marit Aakre Tennø (t.v.), leiar i Noregs Mållag og Astrid Kalstveit, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag heng opp fjellvettreglane på hytta Fivla i Breheimen for fyrste gong på nynorsk. FOTO: KNUT WEBJØRNSEN

Ei veke før påskeferien kan DNT for fyrste gong presentera Fjellvettreglane på nynorsk. No skal alle få råd om godt fjellvett på sitt eige språk. Den Norske Turistforening har omsett Fjellvettreglane til nynorsk i samarbeid med Noregs Mållag. 

Dei ni råda er aktuelle for alle som er i fjellet i dag. Men det var på høg tid å få dei på nynorsk, seier generalsekretær i DNT, Nils Øveraas:

– Fjellvettreglane er noko nordmenn flest har eit forhold til. DNT jobbar med å få så mange som mogeleg med ut på tur, og då er det eit stort poeng å ha reglane tilgjengeleg på begge skriftspråka. Fleire av våre 57 foreiningar nyttar nynorsk, og det skulle difor berre mangla at ikkje Fjellvettreglane er på begge språka, seier Nils Øveraas.

Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, seier omsetjinga er viktig for å gjera nynorsken meir synleg:  

– Nynorskbrukarar treng å sjå språket sitt rundt seg. Og for alle som ferdast i fjellet, er det viktig at dei ser og les språket som i stor grad vert brukt i mange av dei mest besøkte fjellområda våre. Slik knyter DNT seg endå sterkare til lange, lokale friluftstradisjonar der nynorsken er språket, og syner han fram til alle som er glade i fjellet og uteliv.

Ein naturleg del av påska i 65 år

Det var etter uvêrspåska i 1950 der fleire omkom, at DNT og Raudekrossen laga brosjyrane «Respekt for fjellet» og «Dei ni fjellvettreglane» for å førebyggja ulukker. Sidan har det vore hjelpekorps i beredskap i alle sentrale fjellstrok.

Reglane, slik me kjenner dei i dag, kom i 1967. Så mange som 17 menneske omkom i uvêr og skred i påsken det året, og det resulterte i ein ny fjellvettkampanje med slagordet: «Velkomen til fjells, men ta ansvaret sjølv». 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no