Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ordførarar krev meir nynorsk på regjeringa.no

 (23.03.2015)

Arne Vinje (SV) og Alfred Bjørlo (V) vil ha meir nynorsk på regjeringa sine nettsider. (Foto: Stig Marlon Weston/Kristin Eide)

 

 

Nynorskordførarar krev at regjeringa ordnar opp og gjer nynorsken meir synleg på nettsidene til regjeringa.

Ordførarane undarar seg over at regjeringa held seg med ei nettside der dei berre heiter regjeringen og der det nynorske språkvalet er vekke. Særleg saknar dei nynorsk på valnettsida, valg.no.

- At valportalen, valg.no, som nettopp i år er ei viktig nettside for kommunar og partiorganisasjonar over heile landet berre er på bokmål, kan ikkje vere i samsvar med lov om målbruk i offentleg teneste. Eg vonar det òg er i strid med målpolitikken til regjeringa, seier Arne Vinje, ordførar i Vinje kommune.
 
Nynorsk og bokmål er jamstilte målformer i Noreg. Om lag ein halv million nordmenn brukar nynorsk til dagleg. Eit stort fleirtal av kommunane i Noreg har anten nynorsk som vedteken målform (110) eller er språkleg nøytrale (157). 

- Eg byrjar verte utolmodig, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Eid kommune. Han sende brev om saka alt før jul. 

Nye nettsider
I desember lanserte regjeringa nye nettsider. Brått heitte den utøvande makta i Noreg berre regjeringen, og nettsida berre regjeringen.no. I tilegg var innhaldet på dei nye nettsidene nesten utelukkande på bokmål. Etter protestar i media lova regjeringa at dette skulle verte betre. No er det gått snart tre månader, og nokre menyoverskrifter og fleire nyhendesaker har kome på nynorsk. Likevel heiter regjeringa framleis Regjeringen. Utanriksdepartementet heiter framleis berre utenriksdepartementet, og valordninga er berre omtala som valgordningen.  

Dette meiner nynorskordførarane ikkje er godt nok. 

Også Noregs Mållag har peika på at ein bør kunne forvente av regjeringa at dei oppfyller eiga lov og at dei er viljuge til å strekkje seg etter Stortinget sine vedtekne ambisiøse mål for ein offensiv og moderne språkpolitikk. Mållaget minna om saka seinast i førre veke i brev til regjeringa.

Desse ordførarane står bak utspelet:

  • Arne Vinje (SV), Vinje kommune, Telemark
  • Alfred Bjørlo (V), Eid kommune, Sogn og Fjordane
  • Bjørn Sandnes (H), Haram kommune, Møre og Romsdal
  • Marta Finden Halset (Ap), Vik kommune, Sogn og Fjordane
  • Bjarne Eiolf Holø (Sp), Lom kommune, Oppland
  • Astrid Aarhus Byrknes (Krf), Lindås kommune
  • Kyrre Lindanger (Ap) Bokn kommune, Rogaland

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no