Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ein moderne språkpolitikk

 (23.03.2015)

I desember lanserte regjeringa nye nettsider. Brått heitte den utøvande makta i Noreg berre Regjeringen, og nettsida berre regjeringen.no. I tillegg var innhaldet på dei nye nettsidene nesten utelukkande på bokmål.

Etter protestar i media lova regjeringa at dette skulle verta betre. No er det gått snart tre månader, og nokre menyoverskrifter og fleire nyhendesaker har kome på nynorsk. Likevel heiter Regjeringa framleis Regjeringen. Utanriksdepartementet heiter framleis berre utenriksdepartementet, og valordninga er berre omtala som valgordningen.  

Og slik er det med dei aller fleste nemningar på departement, direktorat og etatar. Dei er alle omtala på bokmål, og me kan ikkje sjå at dette stettar krava i mållova. 

I forskrift til Lov om målbruk i offentleg teneste står det at alle statsorgan skal ha same namneform på bokmål og nynorsk: § 4.Dersom det ikkje høver med den same namneforma på bokmål og nynorsk, skal namnet på eit statsorgan ha ei bokmålsform og ei nynorskform.

Om dei nynorske namna på departementa og andre statsorgan er fråverande på dei offisielle nettsidene til regjeringa, så kan Noregs Mållag ikkje sjå at intensjonen i mållova vert følgd. Alle statlege nettsider skal ha informasjon på både nynorsk og bokmål, og det er ulike måtar å løysa dette på. Det går an å veksla mellom nynorsk og bokmål på same side, og det går an å ha to ulike versjonar av same sida - ein på bokmål og ein på nynorsk. 

Det er mogleg å forsvara ei veksling mellom bokmål og nynorsk på same side, men det fungerer berre om nynorsken faktisk er synleg for lesarane. Føremonene med ei slik ordning vil vera at alle - uavhengig av personlege språkpreferansar - vil kunne lesa både nynorsk og bokmål. 

Ulempa med veksling er at det kan vera vanskeleg å få til ei fullverdig terminologiutvikling på nynorsk, og at nynorske ord og nemningar vert usynlege. 

Stortinget peikar i den siste språkmeldinga Mål og meining (St. mld 35: 2007-2008) på at auka bruk av nynorsk er viktig for nynorsken: "Ein offensiv språkpolitikk må også ha domeneerobring som mål, og då er det særleg behovet for å utvida bruksområdet og bruksfrekvensen for nynorsk som peiker seg ut". Nynorskbrukarar må sjå språket sitt i bruk. Ein mindre synleg nynorsk gjer språket markert, og nynorsk vert oppfatta som noko unormalt og ekstraordinært. Det same gjeld for dei nynorske nemningane på statsorgana. For nynorskbrukarane er fråværet av nynorsk i ålmenta og i media ein viktig grunn til at det er vanskeleg å halda på språket sitt. Me meiner at ein bør kunne forventa av regjeringa at dei oppfyller eiga lov og at dei er viljuge til å strekkja seg etter Stortinget sine vedtekne ambisiøse mål for ein offensiv og moderne språkpolitikk. 

Klarer ikkje regjeringen.no å gjera nynorsken meir synleg enn i dag gjennom vekslingsløysinga på nettsida, meiner me at den einaste løysinga må vera å gå attende til eigne bokmåls- og nynorskversjonar av sida.

Marit Aakre Tennø 
Leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no