Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny leiar i Norsk Målungdom!

 (23.03.2015)

På Norsk Målungdom sitt landsmøte i Oslo i helga, vart Synnøve Marie Sætre (24) frå Ørsta valt til leiar. Ho får i oppgåve å leie ungdomsorganisasjonen vidare det neste året.

Synnøve Marie Sætre starta i målungdomen i Studentmållaget i Oslo, og har sete to år i sentralstyret. Til sommaren tek ho over som leiar. Det er eit arbeid ho gler seg til. Som den viktigaste politiske prioriteringa nemner ho språk i skulen.

- Me vil sikre at alle elevar får eksamen og læremiddel, også digitale, på sitt eige hovudmål. Dette er noko dei har krav på, men likevel ser me at fleire elevar må kjempe for å få det dei har rett på, seier ho.

Ho understrekar at det ikkje skal vere vanskelegare å vere nynorskbrukar enn bokmålsbrukar.

- Dette er eit viktig prinsipp for jamstellinga mellom nynorsk og bokmål. Elevane må få god undervisning i både hovudmål og sidemål, og då må lærarutdanninga ruste studentane til å gi elevane ei slik opplæring.

Målungdomen ønskjer difor at norsklærarstudentar får meir sidemålsdidaktikk inn som obligatorisk del av utdanninga.

Med seg på laget i det nye sentralstyret får ho nestleiar Kristofer Olai Ravn Stavseng frå Stordal, Kirsti Lunde frå Lom som skrivar, Fredrik Hope frå Gloppen som økonomiansvarleg, Kine Svori frå Jostedalen og Hans Rasmus Glomsrud frå Eidsberg som sentralstyremedlemer.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no