Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sidemålsundervisning for alle!

 (27.03.2015)

Kommunestyret i Tromsø kommune vedtok 25. mars å søkje om ei prøveordning med valfritt sidemål i ungdomsskulen.

– Hovudproblemet med forslaget frå Isabell Pettersen Vikan (H) er argumentasjonen bak: det skal hjelpe særleg dei elevane som slit i hovudmålet sitt. Desse elevane har alt vore på skulen i sju år før dei byrjar med sidemålsundervisning. Så det blir altfor enkelt å seie at det er sidemålet som er den store bøygen, og dermed ei altfor enkel løysing å fjerne dei skriftlege krava i sidemålsundervisninga, seier Åsne Ø. Høgetveit, styremedlem i Tromsø Mållag. 

– For å ta på alvor dei utfordringane som denne elevgruppa har er politikarane og elevorganisasjonane nøydd til å ta tak i språkopplæringa i sin heilskap. Dette er noko Tromsø Mållag absolutt kan stille seg bak: Me ynskjer generelt god språkopplæring, og særskilt når det kjem til sidemål og nynorsk.

– Med utgangspunkt i den forskingsrapporten Isabell Pettersen Vikan syner til, som er basert på prøveordninga med valfritt sidemål i den vidaregåande skulen i Oslo, er det nært opp mot umogleg å argumentere for at valfritt sidemål styrkar språkferdigheitene til elevane eller statusen til sidemål og nynorsk. Kvifor trur Isabell Pettersen Vikan og eit fleirtal i kommunestyret at det vil vera annleis i ungdomsskulen i Tromsø, spør Åsne Ø. Høgetveit.

– Det held mest å ta ein kikk på kapitteloverskriftene i konklusjonen for å forstå at forsøket i Osloskulen ikkje er eit eksempel å fylgje: “Forsøket har ikke hatt effekter på elevenes leseferdigheter” og “Elevene i forsøket presterte totalt sett litt svakere enn elevene som ikke var med i forsøket”, seier Åsne Ø. Høgetveit.

Tromsø Mållag meiner politikarar og elevar i Tromsø kommune bør heller sjå til forsking mellom anna frå NTNU og UiT NAU som syner at tospråklegheit og sidemål er ein styrke for elevane, og arbeide for styrkt sidemålsundervisning for Tromsøelevane.

Kontaktperson: Åsne Ø. Høgetveit, styremedlem i Tromsø Mållag, 971 04 852, aasne.hoegetveit@gmail.com

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no