Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Folkerøysting i Hol

 (07.04.2015)

Hovet skole og Holet skule skal bli ein skule. På eine skulen er opplæringsspråket bokmål og den andre nynorsk. Difor vert det no skulemålsrøysting om kva som vert opplæringsspråket på den nye skulen. 

Holing og musikar Daniel Kvammen har blitt intervjua i avisa Hallingdølen og er klar på kva han meiner om saka. Sjølv lærte han bokmål bak pulten på Geilo skole.

– Eg begynte å teste ut nynorsk som eit eksperiment. Då oppdaga eg at eg også vart meir bevisst på det munnlege språket, fortel Daniel Kvammen, som etter det har halde på nynorsken. Artisten har alltid snakka dialekt, og som låtskrivar får han no mykje ekstra merksemd for språket sitt.

– Eg trur at folk frå nynorskkommunane i Hallingdal har lettare for å halde på dialekten, seier han.

Også Heidi Molstad Andresen i Hått halling engasjerer seg. Ho har publisert ei eiga stevrekkja til skulemålsrøystinga i øystre Hol som ho har lagt ut på Facebook-sida til Hått halling.  

Den gamle dalen er eitt stort rike,

med skikk og bruk som gjer oss unike.

Mål er kulturarv og tradisjon

og det er soga om gamle Hol.

Tysdag 14. april er det rådgjevande folkerøysting for opplæringsspråket i øystre Hol. Vallokala er Tingsalen i Hol kommunehus og i biblioteket ved Hovet skole. Røystinga er ifrå kl. 12.00 - 20.00.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no