Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Regjeringa vil endre stadnamnlova

 (17.04.2015)

Kulturdepartementet gjer framlegg om å endre stadnamnlova slik at grunneigar får rett til å fastsetje skrivemåte på eigen eigedom. 

– Framlegget inneber at ein grunneigar kan fastsetje ein skrivemåte som ikkje følgjer rettskrivingsprinsippa i norsk. Dette har ikkje vore mogeleg etter gjeldande lov, men er i samsvar med råderett over privat eigedom, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Les meir om saka hjå Kulturdepartementet og les heile framlegget til Prop. 105 L (2014-2015) 

Noregs Mållag har ved fleire høve åtvara mot endring av Stadnamnlova.

– Eit hovudpoeng ved å innføre lov om stadnamn i 1990 var å verne dei nedarva uttalane av stadnamna. No vil regjeringa delvis fjerne dette vernet (for bruksnamn). Det er den nedarva uttalen som ofte viser attende til kva opphav og tyding namna har. Det er med andre ord dei lange linene i kultursoga vår som no kan bli brotne for godt, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. 

Dette sa Noregs Mållag i høyringa i august 2014: 

– Dei norske stadnamna, inkludert gards- og bruksnamn, er vår felles eige. Noregs Mållag meiner at stadnamnlova slik ho er i dag, forvaltar gards- og bruksnamn på ein framifrå måte. Ho vernar om namna som kulturminne og sikrar den lokale uttalen, som er ein del av den immaterielle kulturarven vår. Me ber difor Stortinget om ikkje å gjera endringar i kven som skal forvalta skrivemåten åt stadnamna i stadnamnlova, og framleis late det vere samfunnet sitt ansvar, ikkje den einskilde brukseigar.

Les heile høyringssvaret om endring av lov om stadnamn frå 2014. Nedst i dokumentet ser finn du også kva Noregs Mållag meinte om saka i 2012. 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no