Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Premierefilm med nynorskteksting

 (28.04.2015)

Fyrstkomande fredag er det premiere på ungdomsfilmen Skammerens datter. For fyrste gong blir ein kinofilm distribuert med undertekstar både på nynorsk og bokmål. Det er kinoane sjølve som avgjer kva undertekst dei vil nytte. Det er digitaliseringa av norske kinoar som gjer dette mogleg.

– Så vidt eg veit, er dette heilt nytt i Noreg. Det er ein flott sjanse for alle kinoar til å syne filmen med nynorsk teksting, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.    

Tidlegare var ei slik løysing nesten utenkjeleg, då kostnadene med å lage fysiske visningskopiar med ulike undertekstar vart for store. Med digital filmdistribusjon er det berre utgiftene til omsetjing som står att. Denne gongen har Nordisk Film Distribusjon teke desse utgiftene, då boka filmen er basert på, er omsett til nynorsk i Noreg.   

Den dansk-norske filmen har eit stjernelag av skodespelarar, med Jakob Oftebro og Marie Bonnevie i spissen. Det er ein utruleg eventyrfilm i ei mellomaldersk fantasiverd basert på fyrste boka i Skammar-serien til Lene Kaaberbøl. Boka har selt utrulege 40 000 eksemplar i Noreg.

Filmen vert også distribuert som skulekino for 6.-10. trinn, og det opnar sjølvsagt for at filmen kan brukast i sidemålsundervisninga på bokmålsskular.  

– Filmen er basert på ei veldig spennande og god bok på nynorsk, og det må vere ein ekstra motivasjon å sjå filmen med nynorske undertekstar etterpå, seier Marit Aakre Tennø. 

Les meir om filmen - Skammerens datter

Les meir om boka bak filmen - Skammarens dotter

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no