Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Søgje om «Soga om vêret»

 (02.05.2015)

Gloppen Mållag og Gloppen folkebibliotek ber med dette inn til bokkveld måndag 4. mai.

Margunn Rauset er stipendiat i nordisk språk og oppvaksen her i Gloppen. Tidlegare i år vart ho nominert til Kritikerprisen 2014 for beste omsetjing. Måndag 4. mai kjem ho til biblioteket og vil fortelje om arbeidet med boka ho omsette frå islandsk til nynorsk: «Soga om vêret» av forfattaren Bergsveinn Birgisson.  Kritikerlaget grunngav nominasjonen slik: «Oversetter Margunn Rauset har klart å la Birgissons frodige stil komme til sin rett i et rikt, oppfinnsomt og levende nynorsk». Vi trur dette blir svært interessant for alle språk- og litteraturinteresserte. Bibliotekarane tilrår boka på det varmaste.

Forlaget skriv om boka: Soga om vêret tek oss til ein gudsforlaten fjord heilt nordvest på Island, der nokre få forkomne sjeler driv sjarkfiske, viss vêret tillét det. Halldor skriv dagbok, og det er livshistoria hans som vert avdekka gjennom møta hans med Gud, presten, filosofen, krøplingen, torsken og kjærleiken.   

Margunn Rauset vil også fortelje om doktorgradsprosjektet der ho skriv om faste uttrykk i bokmål og nynorsk.

Dessutan blir vi presentert for aktuelle nynorskbøker. Det blir heimebakst og kaffi i matpausa, og boksal  (vonar vi). Alle er velkomne og det er gratis! Gloppen Mållag og Gloppen folkebibliotek samarbeider om arrangementet på biblioteket i Trivselshagen.

Alle er velkomne til Gloppen folkebibliotek måndag 4. mai klokka 19.30. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no