Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Pris for nynorsk marknadsføring

 (05.05.2015)

Klebutikken T.Riise har fått tildelt målblome av Hareid Mållag. 

– Særs god språkbruk både i marknadsføring og elles, syner at verksemda nyttar språket på ein medvite måte, seier Einar Måseide, leiar i Hareid Mållag. Utdelinga fann stad på Melshorn hotell under månadens næringslivsfrukost som Hareid Næringsforum inviterer til.

– Då vi fekk høyre at T. Riise skulle få årets målblome, inviterte vi dei like gjerne til å halde eit frukostføredrag om språk og marknadsføring, seier Rakel Dyrhaug, dagleg leiar i Hareid Næringforum. Kristian Fuglseth og Einar Måseide i Hareid Mållaget delte også ut heftet Blest, som tek føre seg nynorsk som marknadsføringsspråk. Det er skrive av Arild Torvund Olsen, utgjeve av Ulstein Mållag, og samlar skriveråd, nynorske avløysarar for bokmålsformuleringar, råd om teiknsetjing og anna nyttig. 

Inspirert av Peder Måseide

Butikkeigar Johs Kristian Riise takka for prisen og fortalde at det ikkje var tilfeldig bruk av språk. Han minnest at Peder Måseide brukte å kome innom butikken og kommentere det han las rundt han. 

– Peder stadfesta for meg at ei god, lokal nynorsk språkdrakt var ein viktig del av identiteten vår — og slik var han eit føredøme. Ein skal legge merke til detaljar og korrekt stil, og det startar sjølvsagt med språket.

– Så har vi brukt eit kreativt kommunikasjonsbyrå som kan faget sitt. Dei har gjeve oss råd om at dersom marknadsføringa skal fungere, sjølv landsfemnande, må vi vere ekte. Og det einaste som er ekte og truverdig er nynorsk, konstaterte Riise.

Lettare med nynorsk

Einar Måseide fortalde om 25 år med aktiv bruk av næringslivsnynorsk i forsikringsbransjen, og svarte på nokre av utfordringane som nynorsk trass alt kan ha dersom ein skal inn i til dømes byane. Han hadde ikkje fått så mange kommentarar, men dei som kom var positive.

– Dette var i flottaste "fru Flettfrid Andrésen-området" i Trondheim, men likevel sa forretningskontakter i heile Trøndelag at nynorsken min var enklare enn dei stive og standardiserte bokmålsfrasene som var i bruk elles. Forsikringspapir er ikkje lette å tyde, men mine korrespondansar på nynorsk gjekk fint.

Nynorsk framgang

– Nynorsk har aldri vore så mykje i bruk som no, fortalde Kristian Fuglseth under føredraget. 

– Vi har hatt ein jamn nynorskauke i ålmenta generelt, men også i næringslivet. Samanlikna med mange små språk i Europa eller resten av verda, er nynorsk eit av dei sterke og livskraftige språka. Det står verre til for mange flotte språk fleire stader i Europa. 

– Mange verksemder ser no store føremuner med å skrive eit språk som verkar meir truverdig enn blandings-bokmål og eit stivt og påteke språk som ikkje tradisjonelt høyrer heime der ein kjem frå. No er det engelsk og nynorsk som gjeld for til dømes Kleven, Ulstein og fleire av dei store. Når desse lukkast med det, fyl dei små etter. Eg trur mange som arbeidar med sal og marknadsføring lid av eit eller anna kompleks. Sanninga er at dersom ein er fast i språket, fastnar også resten. Sal og marknadsføring handlar om tillit, og då må ein vere ekte. Det er klart at når verksemder som Ulstein og Kleven, som forresten fekk den nasjonale språkprisen i fjor, sel design og skip som er tufta på kunnskap ut av fjøresteinane her på Vestlandet, kan ein ikkje kle dette i eit stivt språk frå Austlandet. Mange seier at det er lettare å skrive rett på bokmål, men sanninga er at dei fleste hadde nynorsk på barneskulen, og denne er mykje rettare enn det mange freistar på bokmål, sa Fuglseth til slutt.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no