Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målarbeid i Naumdøla

 (06.05.2015)

– Vi tykkjer det er viktig å gjere nynorsken mest mogleg synleg, og stør opp under tiltak som brukar nynorsken, fortel Liv Marit Idsø, leiar i Naumdøla Mållag. 

Denne kvelden når Norsk Tidend kjem på vitjing, er det både fylkesårsmøte og bokkveld på Namdals folkehøgskole i Grong sentrum. Sjølve fylkesårsmøtet liknar på andre fylkesårsmøte med gjennomgang av årsmelding, rekneskap, val og nye planar. Deretter er det ein interessant bokkveld saman med Grong folkebibliotek. Forfattar Ingrid Storholmen las og fortalde frå boka ”Her lå Tirpitz” og hadde tonefølgje av Kjell Magne Robak på cello. Denne boka har Ingrid Storholmen skrive på bokmål.

– Den nye boka som eg no skriv, kjem på nynorsk. Handlinga går føre seg i India, og det er litt vanskeleg å seie kvifor ho vert på nynorsk, men det blir ho, seier Ingrid Storholmen. Ho vaks opp med nynorsk på skulen, og har som forfattar skrive både nynorsk og bokmål.

Kulturtiltak i Namdalen

Naumdøla Mållag er eit lag med lange tradisjonar og god økonomi. Mållaget selde eit hotell i Namsos på 80-talet, og pengar frå dette salet er godt forvalta og gjev framleis avkastning til ulike måltiltak. Då spelet ”Namsens auge” vart sett opp, fekk dei ei solid pengestøtte. Siste året har laget støtta Olav Duun-stemnet på Jøa, som på ny vert planlagt i juni i år. Dessutan stør dei opp om Namdals folkehøgskole og Sverdrup-veka på Lauga. Sist år gav dei også støtte til fullføringa av boka ”Faner i den frilynte ungdomsrørsla”, med særskilt vekt på å få med faner i Namdalen.

Naumdøla Jul

Naumdøla Mållag er eitt av dei minste fylkesmållaga i Noregs Mållag. Naumdøla Mållag dekkjer Namdalen i Trøndelag. Dette er den nordlegaste delen av Nord-Trøndelag. I dag er det tre lokallag i fylkesmållaget: Ytre Namdalen Mållag, Overhalla Mållag og Høylandet Mållag, og dei tre laga har til saman 45 medlemer.

– Eit årleg arbeid vi gjer, er å gje ut Naumdøla Jul saman med Naumdøla ungdomslag. Dette bladet er populært, og det er eit viktig utoverretta arbeid, både for mållaget og ungdomslaget i Namdalen, seier Liv Marit Idsø.

Redaktør for bladet er Lillian Marie Govasli, og ho er også styremedlem i Naumdøla Mållag. Bladet kjem ut med ei blanding av nynorsk og bokmål. Naumdøla Mållag leiger kontor hjå Frivillighetssentralen på Skage, for å ha ein fast plass for laget og for at redaktøren i Naumdøla Jul skal ha kontorplass.

Liv Marit Idsø held fram som leiar. Med seg i fylkesstyret fekk ho Inge Staldvik, Lillian Govasli, Magne Rønning og Ole Arin Sakshaug. Varalista er 1. vara: Ragnhild Vannebo, 2. vara: Knut Haga, 3. vara: Toralf Engesnes og 4. vara: Marta Krossbakken.  

 

Teksten er henta ifrå Norsk Tidend 2 / 2015
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no