Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Grunnlova blir undervisningsopplegg

 (08.05.2015)

Nynorsksenteret har laga eit undervisningsopplegg med Grunnlova som utgangspunkt for å arbeide samanliknande med nynorsk og bokmål. 

– Dei to språkversjonane av Grunnlova er ei gullgruve for språkopplæringa på ungdomssteget og vidaregåande, meiner Gudrun Kløve Juuhl og Ingrid Slettevoll som arbeidet hjå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, og har laga undervisningsopplegget. 

– Å la elevane få øve seg på å beskrive språklege skilnader i konkrete tekstar er ein god måte å arbeide med kompetansemåla «beherske grammatiske begreper som beskriver hvordan språk er bygd opp» og «bruke grammatiske begreper til å sammenligne nynorsk og bokmål». Det er også opplæring i det som vert kalla «fagets literacy», det vil seie at å lære seg eit fag handlar om å lære å lese, skrive og snakke fagleg relevant, skriv dei på nettsida til Nynorsksenteret. 

Undervisningsopplegget ligg på nettsidene til Nynorsksenteret og er klart til å takast i bruk. 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no