Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

17. mai og målsaka

 (12.05.2015)

Det nærmar seg 17. mai! Over heile Noreg vert nasjonaldagen feira og nokre lokale mållag feirar Ivar Aasen og nynorsken på nasjonaldagen. Her er oversikta slik vi har fått nyss om. 

Stavanger: Klokka 16.00: Stavanger Mållag feirar 100 år! På 17. mai går dei i toget med eit eige flott banner. Toget går kl. 16. Stavanger Mållag stiller opp ved Haakon VII gate ved Kielland – Kirkegata omlag klokka 15.30.

Oslo: Klokka 0915: Studentmållaget i Oslo inviterer til kransenedlegging og markering ved grava til Ivar Aasen på Vår Frelsers gravlund. Påtroppande leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre, les dikt og Nordmannen skal syngast. Etter dette går alle saman til Kafé løve på Det Norske Teatret for kaffi og prat.

Bergen: Klokka 14: Studentmållaget i Bergen inviterer til Kransenedlegging ved Ivar Aasen-bysta. Det vert tale av Oddny Miljeteig, nestleiar i SV og supervervar for Noregs Mållag. Og det vert synging av Nordmannen. Ivar Aasen-bysta står ved sidan av Universitetsbiblioteket.

Trondheim: Klokka 12.30: Studentmållaget i Nidaros inviterer til å gå saman i 17. mai-toget. Dei stiller med fane og det vert synging av Nordmannen og andre fine songar.

Skien: Klokka 15.30: Mållaget Dag inviterer til markering ved støtta av Aasmund Olavsson Vinje. Det vert tale, song og musikk.

Gran på Hadeland: Klokka 08.45: Hadeland dialekt- og mållag heidrar Aasmund Olavsson Vinje ved bysta som står ved Søsterkirkene på Granavollen i Gran kommune. Mannskoret KK syng, og professor Rolf Theil held minnetale og legg på krans frå kommunane Vinje og Gran. 

Kristiansand: Klokka 12.45: Mållaget i Kristiansand inviterer til kransenedlegging ved bysta av Jørgen Løvland i Wergelandsparken. Det vert tale og kransnedlegging ved Kjellaug Kvalsvik.

Asker: Klokka 08.00: Asker Mållag inviterer til kransenedlegging ved grava åt Jørgen Løvland. Forfattar Arnhild Johanna Skre held tale og legg ned krans. Sonkoret Tonleik syng. 

Grimstad: Landvik mållag og Landvik historielag inviterer til 17. mai-fest på Landvik bygdehus i Grimstad kl. 19.00. Bent Reidar Eriksen kåserer om «Norsk identitet i ei global verd», Øystein Rød spillar fele, og det blir allsong, lotteri og servering.  

God feiring!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no