Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskstipend til Mona Steiner Brekkan

 (18.05.2015)

Stipendutdeling med lang gratulantrekkje: Frå venstre: Jon Askeland, ordførar i Radøy kommune, Mona Steiner Brekkan, stipendvinnar, Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, Solveig Lerøy, dagleg leiar i Nordhordland næringshage og Per Lerøy, ordførar i Austrheim kommune. 

Mona Steiner Brekkan frå Radøy får nynorskstipendet for å tilby bokmålsverksemder knytte til Nordhordland Næringshage hjelp til å ta i bruk nynorsk i marknadsføringa og som identitetsbyggjar. Stipendet er på 50 000 kroner og vart utdelt av Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, på Austrheim i dag.

– Styret i Noregs Mållag fall med ein gong for den offensive innretninga på prosjektet. Det høver svært godt til arbeidet Mållaget gjer med ein kampanje for meir nynorsk i næringslivet, og for å skryta av dei som tek i bruk nynorsk i verksemdene sine, seier Marit Aakre Tennø.

Noregs Mållag ser at fleire verksemder byter frå bokmål til nynorsk no enn før. Tidlegare var det gjerne med ei grunngjeving om å kommunisera ekte og tradisjonsrik mat og/eller opplevingar. No ser me at skipsverft, salatprodusentar og plastkasseprodusentar bruker nynorsk også.

Til lukke med Nynorskstipend: Mona Steiner Brekkan frå Radøy (til venstre) og Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag

– For Mållaget er det å bruka nynorsken viktig aktivt målarbeid. Me er ekstra glade for at verksemder i nynorskområde bruker nynorsken. Det gjer at nynorskelevar i området oftare får sjå sitt eige språk, og det er viktig for lese- og skrivetreninga, seier Marit Aakre Tennø.

– Det vert veldig spennande å følgja med på arbeidet til Mona Steiner Brekkan. Vonleg kan vi læra noko i vårt eige arbeid med å få fleire til å ta i bruk nynorsk.

Noregs Mållag, med støtte frå Kulturdepartementet, deler ut to arbeidsstipend à kr 50 000. Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde.

 

Bilettekst: Solveig Beate Elvik (til høgre) kom med blomehelsing frå Radøy Mållag til Mona Steiner Brekkan. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no