Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bergen blir ingen bokmålsoase

 (27.05.2015)

- Opposisjonen i Bergen bystyre tek no eit steg for at Bergen kan bli ein hovudstad for heile Vestlandet, for både bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.

Det gjekk ikkje heilt slik Bergen Høgre hadde trudd då dei gjorde framlegg om valfri sidemålsundervisning i Bergensskulen. Medan Høgre ville at elevane berre skulle lære eitt av dei to norske språka, har no opposisjonen sagt at dei vil gjere framlegg om forsøk med sidemål frå 3. klasse, og prøve ut nye og betre måtar å undervise i sidemål på. Tennø meiner at det er lovande om opposisjonen no går saman for ein betre språkpolitikk i Bergen, og at byen på sikt kan bli den nynorskhovudstaden målfolket drøymer om.

- Eg håpar Bergen no kan gå føre å ved å fornye sidemålsundervisninga, for det trengst. Bergen som ein fleirspråkleg by vert endå tydelegare om dette vert vedteke i morgon, seier Tennø.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no