Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Graver-nemnda har fått Målpris

 (03.06.2015)

Ved ei tilstelling på Juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo fekk Graver-nemnda, leia av professor dr. juris Hans Petter Graver, utdelt målprisen frå Juristmållaget, for arbeidet med å laga ei offisiell utgåve av Grunnlova på nynorsk.

– Eg skjønar at det for Juristmållaget var ei storhending at Grunnlova kom på nynorsk. For oss som arbeidde med framlegga, var det ein pris i seg sjølv å bli spurt. Det er ingen av oss som angrar på dei lange arbeidsdagane og -nettene. Arbeidet var fagleg svært interessant, og det var inspirerande å arbeide så tett og intenst. Det gav oss mykje, og no endå meir, seier Hans Petter Graver som takka varmt for prisen på vegner av nemnda.

– For Juristmållaget vert 6. mai 2014 ståande som ein av dei største dagane i historia, då Grunnlova vart vedteken på nynorsk. Årets målpris går til nemnda som utarbeidde den nynorske teksten, fortel Dag Bjørke Bremer, leiar i Juristmållaget. 

Desse var med i Graver-nemnda: 
- Professor og dekan Hans Petter Graver, juridisk fakultet, UiO (leiar)
- Førsteamanuensis (no professor) Eirik Holmøyvik, juridisk fakultet, UiB
- Rådgjevar Øystein Baardsgaard, Språkrådet
- Rådgjevar Bård Eskeland, Språkrådet
- Spesialrådgjevar Kyrre Grimstad, Stortingets administrasjon (no lagdommar, Borgarting lagmannsrett)

Nybrottsarbeid
Dei sette dei i gang utan frykt 31. mai 2012, på oppdrag frå Stortinget. Det var eit vanskeleg, men ærefullt oppdrag dei fekk. Dei skulle skriva Grunnlova på ny utan å endra meiningsinnhaldet, på moderne bokmål og moderne nynorsk. Litt hjelp fekk dei av tidlegare omsetjingar av Grunnlova, mellom anna frå omsetjinga Nikolaus Gjelsvik stod bak i 1901. Likevel var det eit stort nybrottsarbeid dei leverte frå seg til Stortinget alt 17. september 2012. Grunnen til at dei fekk så lite tid på seg, var regelen om endringar av Grunnlova, som seier at eit framlegg om endring må setjast fram for eitt storting, og vedtakast av nytt storting etter at det er halde stortingsval. For å få vedteke ei ny grunnlov i tide til grunnlovsjubileet i 2014, var det difor naudsynt at framlegget vart lagt fram for Stortinget før og etter valet i 2013.

Bilettekst: Juristmållaget deler ut Målpris til Graver-nemnda. Frå venstre: Kyrre Grimstad, Hans Petter Graver, Bård Eskeland og Dag Bjørke Bremer, leiar i Juristmållaget. Foto: Noregs Mållag

Parlamentarisk spel
Utvalet la seg på eit enkelt og direkte språk. «Ytringsfrihet bør finne sted» vart til «Ytringsfridom skal det vere». «Hus-Inkvisitioner maa ikke finde Sted, uden i kriminelle. Tilfælde» vart til «det må ikkje utførast husransakingar, så nær som i kriminelle tilfelle». «Ingen personlige, eller blandede, arvelige Forrettigheder maa tilstaaes Nogen for Eftertiden» vart til «Ingen må heretter få arvelege særrettar, personlege eller blanda.»

Då utvalet hadde gjort sitt, var det opp til Stortinget å ta framlegget inn i Grunnlova. Det vart nokre nervepirrande maidagar i 2014, då det ut frå innstillinga frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen såg ut til at framlegga ikkje ville få det naudsynte to-tredjedels fleirtalet. Likevel enda diskusjonar og parlamentarisk spel med at Stortinget nesten samrøystes 6. mai 2014 vedtok framlegget frå utvalet til nynorskutgåve. Samstundes vedtok Stortinget ei meir forsiktig modernisering av bokmålsutgåva, ut frå eit framlegg utarbeidd av professor Vinje.

– Årets målprisvinnarar har sett spor etter seg som vil bli ståande i hundrevis av år. På kort tid gjorde dei eit grundig arbeid som det verkeleg står respekt av, seier Dag Bjørke Bremer, leiar i Juristmållaget. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no