Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stortingspolitikarane fekk høyre om språkdelte ungdomsskular

 (03.06.2015)

I går møtte ein delegasjon frå Odda og Noregs Mållag stortingspolitikarar frå Hordalandsbenken på Stortinget.

Odda kommune med ordførar John Opdal i spissen fekk leggje fram saka om språkdelt ungdomsskule. Det var åtte stortingspolitikarar frå Hordaland som møtte i møtet.  

–  I dag er det eit parallellklassesystem i barneskulen, som vi ynskjer at skal forlengjast til å vera ein rett for elevane også i ungdomsskulen. Den retten har ikkje elevane i ungdomsskulen i dag. I Odda har elevane hatt denne retten sidan 1914 som eit svar på ulike språkynske gjennom industrialiseringa, fortel John Opdal, frå Høgre og ordførar i Odda.

–  Modellen er utprøvd i 100 år alt, og såleis er det kanskje ikkje naudsynt med forsøksordningar, men moge for å starta opp i full skala.

–  I kommunereforma kan også denne språklege retten vera med på å dempa motsetnader når eventuelt bokmål og nynorsk skal samlast, peika John Opdal på.

God språkopplæring

I delegasjonen var det med to elevar frå Odda ungdomsskole: Liva Thiis og Anna Haugland Jondahl. Dei peika på at dette er ei ordning som har solid oppslutning hjå elevane.

–  Ordninga er ein fordel både for elevane og for nynorsken. Bokmål har lett for å bli det dominerande språket i ein blanda klasse, og det taper nynorsken på, også fordi han er mindre brukt elles i samfunnet, seier Liva Thiis.

Elevane fekk også støtte frå Erlend Nævdal Bolstad, som er lærar hjå Odda ungdomsskole.

–  Odda-modellen kan bli eit mønster for ei framtidig god språkopplæring. I ungdomsskulen skal elevane styrkja ferdigheitene sine for å bli trygge, gode språkbrukarar. Kunnskapsløftet legg stor vekt på dei grunnleggjande fordelane. Er om lag 10-12 veketimar kvart av åra som kjem i tillegg til norsktimane som språkopplæring for elevane (teoretiske fag), fortel Erlend Nævdal Bolstad. Han legg vekt på at om skulen tek målforma på alvor, får eleven sterk eigarskap til språket sitt. Då slepp eleven å hamna i mindretal, slepp å forsvara den språklege identiteten sin, slepp konfliktar rundt språkval, og det syter for at tilbodet til båe språkgruppene er fullverdig.

Språkleg støtte til nynorskeelevane

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, la vekt på at språkdeling i ungdomsskulen ville vere ein rett som gjev språkleg støtte til nynorskeelevane.

–  Proba samfunnsanalyse slår fast i ein rapport frå 2014 utgjeven av Utdanningsdirektoratet at nynorskelevane i område der både bokmålselevar og nynorskelevar vert samla på sentrale ungdomsskular, er særleg utsette og ikkje får den språkopplæringa i nynorsk som dei har krav på. Dei ser mindre av sitt språk rundt seg i ålmenta og har difor større trong for god språkopplæring for å verta trygge og gode i sitt språk. Ifølgje Utdanningsdirektoratet er kompetansemåla i norsk etter fullført 10. klasse mellom anna at eleven skal kunna uttrykkja seg med eit variert ordforråd og meistra formverk, ortografi og tekstbinding. Utan opplæring i hovudmålet er det vanskeleg å sjå føre seg at alle skal kunne nå desse måla.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no