Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

”Nye veier” bør ikkje byggjast på bokmål åleine

 (09.06.2015)

Regjeringa har oppretta eit nytt vegselskap og kalla det ”Nye veier”. Selskapet skal vera statleg eigd og skal byggja sju store vegar dei neste 20 åra. Selskapet vil verta eit heilstatleg aksjeselskap og skal både planleggja, byggja og vedlikehalda dei sju vegstrekka.

Noregs Mållag vil peika på at det viktig at det nye selskapet rettar seg etter mållova og tek omsyn til det språklege mangfaldet i Noreg, og ikkje berre byggjer og gjer vedlikehald på vegstrekk på bokmål. Skilting og anna skriftleg materiale i ålmenta er med og formar måten folk ser på sitt eige språk og lærer seg språk på. Det kan verka som ein bagatell, men alle slike små grep er det som i dag utgjer norsk språkpolitikk og dei rettane som nynorskbrukarane har. Difor er sjølv dei små tinga viktige.

I dag ser me at det vert synda mykje mot skiltpraksisen på vegprosjekt rundt om. Får ein til gode rutinar og praksis heilt frå starten, er ikkje dette noko som treng å kosta korkje tid eller arbeid.

Etter mållova heiter det òg at namnet på nye selskap så langt det er råd, skal ha namn som fungerer på båe språka. Ordet ”veg” er både eit bokmålsord og eit nynorskord, og det er lange tradisjonar i bokmålet for ordet ”veg”. At regjeringa då vel å nytta det langt mindre brukte ”vei”, meiner mållaget er uheldig. Selskapet bør i tilfelle òg heite ”Nye vegar”.

Noregs Mållag ynskjer lukke til med vegbygginga både på bokmål og på nynorsk.

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no