Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stortinget endra stadnamnlova

 (12.06.2015)

– Det er dei lange linjene i kultursoga vår som no kan bli brotne for godt, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Tidlegare var det opp til styresmaktene å avgjere korleis brukssnamn skulle skrivast. No blir det opp til grunneigaren sjølv. I den nye lova heiter det at

I saker om skrivemåten av nedervde bruksnamn har eigaren rett til å fastsetje skrivemåten dersom han kan dokumentere at den ønskte skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn.”

Framlegget hadde støtte frå Frp og Høgre i familie- og kulturkomiteen, og fekk fleirtal i Stortinget med hjelp av røystene frå Miljøpartiet, Venstre og Senterpartiet. Ove Trellevik frå Høgre og Per Olaf Lundteigen frå Senterpartiet røysta i mot, i tillegg til Ap, KrF og SV. 

Oversyn over korleis representantane røysta.

Skuffa

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, er svært skuffa over vedtaket.

– Stadnamna er verneverdige kulturminne, slik det også vart uttrykt i forarbeida til gjeldande lova.

– Dei er nedervde lokale uttaleformene som er siste lekken i ein ubroten samanheng attende til den tida namna voks fram. Skrifttradisjonen er i så måte oftast mykje meir tilfeldig. Særleg er skriftformer frå 16-, 17- og (tidleg) 1800-tal tvilsame fordi dansketida førde til feilskrivingar. Dei kan difor ikkje tilleggjast på langt nær same kulturelle verdi som dei nedervde, lokale uttaleformene. Det er med andre ord dei lange linjene i kultursoga vår som no kan bli brotne for godt, seier Tennø.

Ho fryktar no at det blir rot og forvirring med mange ulike skrivemåtar på bruksnamna.

– Det klassiske dømet er at me no kan ende opp Vik, Wiik, Vig og Vigh som namn på same garden. Brukaren kan endra skrivemåten frå éin generasjon til neste. Ulike skrivemåtar kan få konsekvensar for kor pålitelege adresserings- og GPS-funksjonar er - verktøy som kan vera avgjerande til dømes for utrykkingskøyretøy, seier Tennø.

Saka må handsamast ein gong til sidan det gjeld ei lov.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no