Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkkrav i NRK ligg fast

 (22.06.2015)

Kulturminister Thorhild Widvey la før helga fram stortingsmeldinga "Open og opplyst – allmennkringkasting og mediemangfald".

Språkkravet er formulert slik i stortingsmeldinga:

– Departementet vil understreka at NRK har eit viktig ansvar for å formidla nynorsk og meiner at språkpolitiske omsyn klart talar for at nynorskkravet på 25 prosent bør førast vidare. Departementet føreset at NRK arbeider med å styrkja nynorskdelen på radio, TV og Internett.

– Me er veldig glade for at meldinga slår så klårt fast det språkpolitiske ansvaret som NRK har og at 25 prosentkravet framleis skal gjelda, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– Sterke allmennkringkastarar er med på å sikra eit kulturelt mangfald i framtida – ikkje minst språkleg. Når ingen andre av dei store nettavisene slepp nynorsken til, er det NRK som i dag sikrar at nynorsk er eit levande mediespråk som er synleg i heile Noreg, ingen andre.

– Med denne stortingsmeldinga slår vi fast at vi skal ha ein mangfaldig mediemarknad, og at NRK skal ha eit sjølvstendig ansvar for å sikre mediemangfaldet, seier kulturminister Thorhild Widvey.

– Med si rekkevidde og sentrale rolle i folk sin mediekvardag, har NRK som offentleg finansiert allmennkringkastar eit særskilt ansvar for å fremje norsk musikk, og eit tilbod som går ut over det marknaden tilbyr, seier kulturministeren i pressemeldinga frå Kulturdepartementet.

NRK skal som kultur- og språkberar sende program på nynorsk, på dei samiske språka og for språklege minoritetar. NRK skal vidare tilby eit breitt innhald for barn og ungdom, sende religiøse program og spegle mangfaldet av livssyn og religion i Noreg. NRK skal òg fremje norsk kunst og kulturarv, reflektere det geografiske mangfaldet i distrikta, og ha eit godt regionalt og lokalt nærvær.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no